Sjå liste over studieplanar som starter på:

Rus – samfunnsproblem, førebygging og behandling (studiestart haust)

Program of study: 
Addiction as a Cultural and Social Phenomenon
Level of study: 
Master
Credits: 
30
Duration: 
2 semesters
Year: 
2017
Number of students: 
40
Type of study: 
Further education (master's degree level)
Study mode
Part-time
Admission and rating

Bachelorgrad i helse-, sosial- eller pedagogiske fag. Søkjarar med annan utdanningsbakgrunn vert vurdert særskilt. Emna i studiet kan gå inn som valfri del av Mastergrad i helse- og sosialfag: Meistring og myndiggjering, og i Mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing.

About

Frå 1970-talet har det vore ei stor auke i alkoholforbruket i Noreg. Måten nordmenn bruker alkohol på er også i endring, mellom anna drikk nordmenn alkohol oftare enn før. Forskarar melder om at haldningane til alkoholbruk har vorte meir liberale, og at det er akseptert og vanleg å bruke alkohol i fleire samanhengar enn tidlegare. Slike endringar kan føre til at fleire får problem som følgje av eigen eller andre sin alkoholbruk, og til at kunnskap om rusmiddelproblematikk vert viktigare for yrkesutøvarar på mange ulike felt. 

Bruken av ulike narkotiske stoff er også eit vedvarande problem i det norske samfunnet. Dei siste åra har særleg unge sin bruk av cannabis fått mykje merksemd blant forskarar, behandlarar, politikarar og i media, og effektane av slik bruk er omdiskuterte. Vidare skaper rapportar om nye syntetiske rusmiddel som kan kjøpast over internett uro. 

Hjelpetiltaka for personar med rusproblem er inne i ein omstillingsfase. Helse- og sosialtilboda til denne gruppa vert styrka, og ansvars- og arbeidsfordelinga på hjelparsida vert omorganisert. Endringane stiller dei som arbeider i rusomsorga, overfor nye og store utfordringar, og det er behov for oppdatert kunnskap om hjelpetiltak og strukturelle føringar på rusfeltet. 

Studieprogrammet er eit svar på desse utfordringane, og siktemålet er å gje studentane tverrfagleg og oppdatert kunnskap om rusmiddelbruk, forståings- og behandlingsmodellar, samt strukturelle føringar på rusfeltet. 

Sentrale tema:

  • Rusmiddelbruken sine sosiale funksjonar
  • Rusmiddelbruk i juridisk, helse- og sosialpolitisk perspektiv
  • Rusmiddelbruk i ulike livsfasar, i familien og i arbeidslivet
  • Rusmiddelbruk og sjølvmord
  • Etikk og menneskesyn i arbeidet med rusrelaterte problem
  • Ulike forståingsmodellar: det ideologiske og teoretiske grunnlaget for behandling
  • Aktuelle behandlingsmåtar for personar som har rusproblem, og kva slags vurderingar som må liggje til grunn for val av metode

Studiet kan gå inn som valfri del av Mastergrad i helse- og sosialfag: Meistring og myndiggjering, og i Mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing.

Learning outcome

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha

- inngåande kunnskap om viktige trekk ved rusmiddelbruken til ulike grupper i Noreg

- avansert kunnskap om ulike måtar å forstå rusmiddelbruk og rusavhengigheit på

- inngåande kunnskap om ulike rusbehandlingstiltak og deira faglege grunnlag

- inngåande kunnskap om kva rusførebyggande arbeid er og kva det kan vere

Learning outcome skills

Studenten skal kunne

- hente inn og presentere samfunnsvitskapleg og psykologisk forsking og teoriar om rusmiddelbruk, rusåtferd og rusmiddelproblem

- forstå og analysere rusmiddelbruk, rusåtferd og rusproblem som samfunnsskapte og kulturavhengige fenomen

- kritisk vurdere ulike behandlingstiltak på rusfeltet

Learning outcome qualification

Studenten skal ha

- evne til å reflektere kritisk over ulike forståingar av rusmiddelbruk, rusmiddelbrukarar og rusproblem som han eller ho møter i yrkessamanheng

- evne til kritisk refleksjon over eiga rolle som profesjonell i møte med menneske med rusproblem og deira pårørande

Content structure

Studiet gir deltakarane muligheit til å utvikle si evne til å møte rusproblem på ein løysingsorientert måte på arbeidsplassen, i familien og andre stader. I løpet av studiet vil studentane få eit breitt nettverk av kollegaer som arbeider med rus- og avhengigheitsproblematikk innanfor helse- og sosialtenestene og på andre felt av samfunnslivet der ein møter rusproblem.

Studiet er delt i to emne: Rus som kulturelt og sosialt fenomen og Tiltak mot rusproblem. Begge emna er organisert med tre studiesamlingar gjennom eitt semester, og kvar samling er på fire dagar. Studiet kombinerer førelesingar med fleire andre læringsformer, slik som seminar, sjølvstudium og oppgåveskriving med rettleiing av erfarne lærarar.

Det er krav om minst 75 % frammøte på samlingane.

Rus - samfunnsproblem, førebygging og behandling (studiestart haust)
Navn: 
Rus - samfunnsproblem, førebygging og behandling (studiestart haust)
Course2017 Autumn2018 Spring
15
15
Anna
Studiet er samansett av to emne på 15 stp. Emnet RUS301: Rus som kulturelt og sosialt fenomen går i haustsemesteret, med avsluttande eksamen i desember. RUS302: Tiltak mot rusproblem har undervisning og eksamen i vårsemesteret. Vi tilrår studiestart i haustsemesteret, men vi har opptak to gongar i året slik at studentar kan ta dei to emna uavhengig om dei ynskjer studiestart haust eller vår.
Evaluation

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Ansvarleg
Vidar Myklebust, epost: vidar.myklebust@hivolda.no, tlf. 70075202 og Silje Louise Dahl, epost: siljeld@hivolda.no, tlf: 70054878