See list of study plans starting on:

Idrett og kroppsøving årsstudium

Studieprogram: 
Idrett og kroppsøving - årsstudium
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
45
Studietype: 
Årsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Årsstudium i idrett og kroppsøving er eit studium for deg som vil bli kvalifisert til å jobbe med undervisning i kroppsøving. I tillegg kvalifiserer utdanninga deg til å jobbe innanfor idrett og andre frivillige organisasjonar samt innanfor den kommersielle treningsbransjen. Studiet inngår som ein del av bachelorgradstudiet i idrett og kroppsøving ved Høgskulen i Volda, men kan også sjåast på som eit sjølvstendig, avsluttande studium med sikte på auka kompetanse i idrett og kroppsøving. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonerammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har kunnskap om kroppsøvingsfaget sitt føremål, eigenart og legitimering til andre skulefag 
  • har innsikt i grunnleggjande pedagogiske teoriar om kva som fremjer meistring, trivsel, utvikling, læring, danning og motivasjon i kroppsøving og idrett 
  • har kunnskap om prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit, spenst og leddutslag for personar i ulike aldersgrupper, på ulike nivå og med ulike føresetnader
  • har kunnskap om grunnleggjande prinsipp i bevegelseslære, mekaniske- og organiske forhold ved bevegelsar
  • har grunnleggjande kunnskap om barn og unge si læring og utvikling, både fysisk, psykisk og sosialt
  • har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon
  • har grunnleggjande kunnskap om korleis ein kan legge til rette for læring i ulike praktiske disiplinar tilpassa ulik alder, modning, utviklingsnivå og føresetnader
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan beherske grunnleggjande analysereiskap, teknikkar og uttrykksformer
  • har grunnleggjande kunnskap og ferdigheit i eit utval idrettar/aktivitetar
  • kan planleggje, leie, leggje til rette for, gjennomføre, rettleie og vurdere allsidig aktivitet for ulike målgrupper på ulike utviklingsnivå og med ulike føresetnader og funksjonsnedsettingar
  • kan demonstrere og vurdere ulike bevegelsesløysingar og setje i verk tiltak for å fremje ei føremålstenleg bevegelsesutvikling som gir gode meistringsopplevingar

 

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan utøve kritisk og sjølvstendig tenking og refleksjon over eigen praksis
  • presenterer problemstillingar, synspunkt og løysningar, både skriftleg, munnleg og gjennom andre uttrykksformer
  • reflekterer over relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
  • formidlar og drøftar sentralt fagstoff
  • er oppdatert på forskingsbasert kunnskap innan fagområdet
  • har innsikt i forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagfeltet 
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet legg opp til studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudium, deltaking og medansvar og vekslar mellom forelesing, seminar, webinar, nettleksjonar, gruppearbeid, individuelt arbeid, praksis, ekskursjonar og varierte aktivitetar i ulike rørslemiljø. Opplevingar, observasjonar og erfaringar ein får vil gje grunnlag for drøfting og refleksjon.

Canvas vert nytta i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av digitale verktøy. Dette vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, studentpresentasjonar, arbeidskrav og undervisning i faget. 

Idrett og kroppsøving årsstudium
Navn: 
Idrett og kroppsøving årsstudium
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Det er ein føresetad at studentane er symjedyktige og er fysisk skikka til å vere aktivt deltakande på ulike aktivitetar både ute og inne til ulike årstider. 

Krav om skikkavurdering og autorisasjon

Studiet har praksis, og det skal leverast politiattest.

 

Praksis

Studentar på årsstudium idrett skal gjennomføre praksis i skule, organisert idrett eller anna relevant praksis.

Kostnader

Kvart emne har ei materialavgift på 400 kr pr. semester som skal dekke bruk og slitasje på fellesutstyr.

Ansvarleg
Elisabeth Innselset (210)