Idrett og kroppsøving årsstudium
Årsstudium i idrett og kroppsøving er eit studium for deg som vil bli kvalifisert til å jobbe med undervisning i kroppsøving. I tillegg kvalifiserer utdanninga deg til å jobbe innanfor idrett og andre frivillige organisasjonar samt innanfor den kommersielle treningsbransjen. Studiet inngår som ein del av bachelorgradstudiet i idrett og kroppsøving ved Høgskulen i Volda, men kan også sjåast på som eit sjølvstendig, avsluttande studium med sikte på auka kompetanse i idrett og kroppsøving.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonerammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Kandidaten
- har kunnskap om kroppsøvingsfaget sitt føremål, eigenart og legitimering til andre skulefag
- har innsikt i grunnleggjande pedagogiske teoriar om kva som fremjer meistring, trivsel, utvikling, læring, danning og motivasjon i kroppsøving og idrett
- har kunnskap om prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit, spenst og leddutslag for personar i ulike aldersgrupper, på ulike nivå og med ulike føresetnader
- har kunnskap om grunnleggjande prinsipp i bevegelseslære, mekaniske- og organiske forhold ved bevegelsar
- har grunnleggjande kunnskap om barn og unge si læring og utvikling, både fysisk, psykisk og sosialt
- har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon
- har grunnleggjande kunnskap om korleis ein kan legge til rette for læring i ulike praktiske disiplinar tilpassa ulik alder, modning, utviklingsnivå og føresetnader
Kandidaten
- kan beherske grunnleggjande analysereiskap, teknikkar og uttrykksformer
- har grunnleggjande kunnskap og ferdigheit i eit utval idrettar/aktivitetar
- kan planleggje, leie, leggje til rette for, gjennomføre, rettleie og vurdere allsidig aktivitet for ulike målgrupper på ulike utviklingsnivå og med ulike føresetnader og funksjonsnedsettingar
- kan demonstrere og vurdere ulike bevegelsesløysingar og setje i verk tiltak for å fremje ei føremålstenleg bevegelsesutvikling som gir gode meistringsopplevingar
Kandidaten
- kan utøve kritisk og sjølvstendig tenking og refleksjon over eigen praksis
- presenterer problemstillingar, synspunkt og løysningar, både skriftleg, munnleg og gjennom andre uttrykksformer
- reflekterer over relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
- formidlar og drøftar sentralt fagstoff
- er oppdatert på forskingsbasert kunnskap innan fagområdet
- har innsikt i forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagfeltet
Studiet legg opp til studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudium, deltaking og medansvar og vekslar mellom forelesing, seminar, webinar, nettleksjonar, gruppearbeid, individuelt arbeid, praksis, ekskursjonar og varierte aktivitetar i ulike rørslemiljø. Opplevingar, observasjonar og erfaringar ein får vil gje grunnlag for drøfting og refleksjon.
Canvas vert nytta i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av digitale verktøy. Dette vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, studentpresentasjonar, arbeidskrav og undervisning i faget.
Course | 2018 Autumn | 2019 Spring |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (60 total) | 30 | 30 |
Det er ein føresetad at studentane er symjedyktige og er fysisk skikka til å vere aktivt deltakande på ulike aktivitetar både ute og inne til ulike årstider.
Studiet har praksis, og det skal leverast politiattest.
Studentar på årsstudium idrett skal gjennomføre praksis i skule, organisert idrett eller anna relevant praksis.
Kvart emne har ei materialavgift på 400 kr pr. semester som skal dekke bruk og slitasje på fellesutstyr.