Naturguide fordjupning
Studentane skal tileigne seg kunnskapar, ferdigheiter, kjennskap og innsikt, som grunnlag for å kunne gje gjestar og turistgrupper gode og trygge opplevingar i norsk natur. Studiet skal kvalifisere for arbeid som naturguide i høve Norsk Naturguideforbund sin Bransjestandard for naturguide.
Studiet kvalifiserer ikkje for aktivitetar som til dømes klatring, brevandring og bratt skikøyring. I tillegg til den emnebaserte undervisninga kan det verte tilbod om ulike kompetansegjevande og dels sertifiserande kurs mot kursavgift.
Studiet er eit sjølvstendig studium, og kan inngå som del av Bachelor friluftsliv og naturguide ved Høgskulen i Volda.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten har
- kunnskapar om reiseliv/turisme og friluftsliv som fenomen i det norske samfunnet.
- kunnskapar om lokalgeografiske og lokalhistoriske tema, lokalkultur og tradisjonell bruk av ressursane i kyst- og fjordlandskapet i utvalde regionar.
- kunnskapar om leiing av grupper og om trygg ferdsel for gjestar og turistgrupper.
- kunnskapar om det juridiske ansvaret ein naturguide har i høve annonsering av, samarbeid om, gjennomføring av naturbaserte reiselivsprodukt og tilgrensande tilhøve ved til dømes pakkereiser.
Studenten
- meistrar friluftsliv i kyst- og fjordlandskap gjennom alle årstidene.
- kan planleggje, organisere, tilretteleggje og gjennomføre leiing av turar med gjestar og turistgrupper i kyst- og fjordlandskap i alle årstidene.
- kan formidle fakta, historier og forteljingar rundt lokalgeografi, lokalhistorie og tradisjonell naturbruk i kyst- og fjordlandskap.
- kan gjere gode vurderingar i risikoproblematikk, frå internkontroll til praktisk handling.
- kan ivareta sin eigen, gruppa og einskildpersonar sin trivsel og overskot undervegs på tur.
Studenten
- har innsikt i relevante faglege og etiske problemstillingar og kan utøve kvalifiserte skjønn.
- kan delta i fagleg utviklingsarbeid knytt til naturguiding for reiselivet.
Studiet vekslar mellom klasseromsundervisning og praktisk undervisning ute. Studentane skal ha medansvar i organisering av transport, fellesutstyr og matstell til undervisningsopplegga ute.
Emne- og semesterplanar gir informasjon om krav til frammøte og obligatoriske delar av studiet.
Emne | 2018 Haust | 2019 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (60 total) | 30 | 30 |
Vi føreset at studentane er fysisk skikka og utstyrsmessig utrusta til å ha ansvar for seg sjølv og ta aktivt del i undervisningsopplegga ute. Ein vil bevege seg i ulendt terreng på barmark og i snø og bere oppakning. Studentane må vere symjedyktige og kunne ta seg fram på ski. Liste over utstyr gjerast kjend før studiestart.
Studentane skal delta i å leggje til rette utandørsopplegga, dei skal gjennomføre praktiske og guide-relvante arbeidsoppgåver og dei skal gjennomføre studieferd/ekstern praksis. Studieferd/praksis skal vere godkjent av faglærar.
Kr. 400,- pr. semester i materialpengar.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.