See list of study plans starting on:

Spesialpedagogikk. Heiltid

Studieprogram: 
Spesialpedagogikk - vidareutdanning
Studienivå: 
Master
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
15
Studietype: 
Vidareutdanning (masternivå)
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Vi følgjer krava til opptak frå Master i undervisning og læring:  

Fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule av minimum 180 studiepoeng, innanfor følgjande:

  • Allmennlærarutdanning, eller den nye grunnskulelærarutdanninga
  • Førskulelærarutdanning
  • Faglærar med praktisk-pedagogisk utdanning
  • Søkjarar med fullført utdanning som barnevernspedagog, som vernepleiar eller anna treårig relevant profesjonsutdanning, kan takast opp etter særskild vurdering.
  • Dokumentert pedagogisk praksis etter fullført utdanning kan gi eitt poeng pr år inntil fem år.
  • Høgare utdanning utover grunnutdanning kan gi inntil tre tilleggspoeng. 
Om studiet

Studiet i spesialpedagogikk har som utgangspunkt at all opplæring i barnehage og skule skal ha inkludering som ideal med ein klar og kritisk vitskapleg og forskingsmessig basis. Studiet legg stor vekt på omsynet til fellesskapen og mangfaldet i gruppa av barn, unge og vaksne under opplæring, der tilpassa opplæring er sentralt. Studiet gir innsikt i institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa for å forklare behov for spesialpedagogiske tiltak og i drøfting av slike tiltak.

Vidareutdanninga i spesialpedagogikk kvalifiserer til m.a.:

  • spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og andre relevante institusjonar
  • arbeid i PP-tenesta
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Studenten

•    har inngåande kunnskapar om sentrale overordna spørsmål som gjeld utvikling, læring og undervisning av mangfaldet av barn, unge og vaksne innanfor dei respektive spesialiseringane
•    har avanserte kunnskapar om spesialundervisning, inkludering og tilpassa opplæring som opplæringsperspektiv
•    har kunnskapar om forskingsmessige tilnærmingar til det respektive fagfeltet

Ferdigheiter

Studenten

•    kan legge til rette for fellesskap og aktiv deltaking i opplæringa for alle for å sikre best mogleg tilpassa opplæring for den enkelte ut frå dei respektive spesialiseringane.
•    kan legge til rette for opplæring som reflekterer at dei grunnleggjande ferdigheitene er grunnlaget for læring i alle fag

Generell kompetanse

Studenten

  • kan på eit vitskapleg grunnlag vere fagleg kritisk analyserande og vurderande i spørsmål som gjeld elevheterogeniteten i opplæringa
  • kan vurdere, integrere og ta i bruk forsking i eigen yrkespraksis
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er delt inn i fire emne:

 UL301: Overordna perspektiv på kvalitet i opplæringa i barnehage og skule (15 stp)

 UL302: Utvikling og læring i barnehage og skule (15 stp)

 ULSP303: Språk- og leseutvikling (15 stp)

 ULSP304: Leiing og åtferd (15 stp).

Studentane byrjar til vanleg med emne UL301. Innhaldet i emna blir presenterte seinare i dokumentet (sjå studiemodell).

Etter individuell vurdering er det mogleg å nytte godkjende emne frå andre høgskular/universitet som delar av studiet. Studentar med vidareutdanning i spesialpedagogikk etter tidlegare ordningar eller med anna relevant utdanning kan også søkje om innpassing i studiet. Ut frå ei vurdering av den faktiske kompetansen til kvar einskild søkjar vil det bli gjeve fritak frå enkelte emne, eventuelt kombinert med arbeidskrav som må fyllast for å supplere opptaksgrunnlaget.

Kvart av emna i vidareutdanninga går over eit semester, og med i alt fem samlingar i Volda for kvart av dei.

Spesialpedagogikk. Heiltid, oppstart haust (2 semester)
Ansvarleg
Peder Haug T: 70075280 E: ph@hivolda.no