Semestre
ULSP304 Leiing og åtferd
Ingen
Studentane skal tileigne seg kunnskapar om ulike forklaringar på sambandet mellom leiing og åtferd i barnehage og skule, og konsekvensar for læringsmiljøet. Emnet set søkjelys på ulike forklaringsmodellar sine bidrag til ei heilskapleg forståing av åtferd og kva konsekvensa dei får for tiltak i barnehage og skule. Temaa vert drøfta frå både eit individ- og eit systemperspektiv, og ein vektlegg kva som påverkar læringsmiljøet både i barnehage og skule. Det vert lagt vekt på lærarrolla, gruppe-/ klasseleiing og mobbing. Organisasjonsperspektiv og implementeringsarbeid inngår også i dette.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha grundige kunnskapar om
- Ulike forklaringsmodellar og teoretiske perspektiv på åtferd
- Samanhengane mellom leiing og åtferd og konsekvensar for læringsmiljøet
- Læringsmiljø og mobbing
- Organisasjonsperspektiv og implementeringsarbeid
Studenten
- Skal kunne analysere og forstå åtferd i eit individ- og systemperspektiv.
- Skal kunne førebygge og avdekke mobbing og sette i gang relevante tiltak for å stoppe mobbing.
- Skal kunne legge til rette for endrings- og innovasjonsarbeid for å betre læringsmiljøet i barnehage og skule.
- Skal ha kompetanse på gruppe-/ klasseleiing.
Studenten skal ha kunnskap om korleis leie læringsarbeidet gjennom å auke kapasiteten til å handtere utfordringar knytt til åtferd.
Emnet er organisert med samlingar over to dagar om lag kvar fjerde veke. Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og gruppearbeid. Det er obligatorisk frammøte til alle samlingane.
- Eit skriftleg arbeidskrav i gruppe, der ei teoretisk drøfting av sentrale tema i emnet er hovudsak. Omfang: 2000 - 3000 ord.
- Munnleg presentasjon av det skriftlege arbeidet, med førebudd opposisjon. Både den munnlege presentasjonen og opposisjonen skal føregå i gruppe.
Detaljane i arbeidskrava vert gjort greie for i eit eige skriv ved oppstart av studiet.
- Obligatorisk frammøte til undervisninga.
Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Mastergradsstudium i undervisning og læring, deltid
- Mastergradsstudium undervisning og læring
- Spesialpedagogikk - vidareutdanning
- Spesialpedagogikk - vidareutdanning (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 1 veke | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Om lag 5000 ord (føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg). |