Forteljing og teaterproduksjon (Vidareutdanning deltid haust)
Korleis vert ei framsyning laga? Korleis vert eit ensemble skapt? Korleis bli ein betre forteljar? Studieprogrammet er retta mot deg som vil arbeide med drama og teater i skule, kulturskule og anna kulturverksemd, eller mot deg som siktar mot vidare teaterutdanning. Studiet er eit deltidsstudie og går over to semestre.
I studiet skal de jobbe med t.d.:
- Skodespelarteknikk
- Ensemblebyggjing og improvisasjon
- Teaterproduksjon
- Forteljing
- Museumsformidling
- Retorikk
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten
- har kunnskap om utvalde teaterfaglege tema, teoriar og problemstillingar.
- har kunnskap om utvalde teaterfaglege metodar, verkty og prosessar.
Studenten
- kan planleggje og leie praktiske øvingar og opplegg saman med andre, og analysere relevante kunstnarlege uttrykk.
- kan bruke utvalde teaterfaglege teknikkar, arbeids- og uttrykksformer i kunstnarleg formidling.
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer.
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis.
a) Arbeids- og undervisingsformene
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og workshops
- praktisk undervisning
- framsyningar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
- førelesingar
Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum, i tillegg til studentdrevne morgontreningar.
b) Progresjon
Vidareutdanning deltid haust inneheld desse 30 studiepoenga:
TOD101 - Teaterproduksjon 1: Realistisk teater + TOD104 - Forteljing og formidling
Emna i studiet tilsvara 30 stp av første studieår i bachelorgraden til Teater og drama.
c) Frammøte
All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
d) Vurderingsformer
Studiet inneheld mange ulike vurderingsformer, som td.:
- Skriftlege individuelle og gruppeinnleveringar
- Teaterproduksjonar
- Forteljar framsyning
- Analysar
- Munnlege framføringar
- Museumsformidling
- Husteater
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Begge emnene i studiemodellen er obligatoriske.
Emne | 2018 Haust | 2019 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Ved teaterstudiet i Volda er studenten si innlevingsevne og relasjonskompetanse svært viktig.
Undervisninga er basert på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking, medansvar og evne til samarbeid.
Arbeidet i studiet er i stor grad fysisk, og ei god kontroll over eigen kropp er ein føresetnad.
Studentane skal:
- ha hensiktsmessige klede (svarte ledige bukser og topp) og innesko.
Eit av arbeidskrava i TOD104 vil vere knytt til opphald i praksisfeltet (3 veker), der dagleg undervisning og arbeid vil vere knytt til eit museum i nærområdet.
a) Det er ikkje høve til utveksling i studiet.
- Det er lagt inn obligatoriske teaterbesøk og kortare ekskursjonar til eigen kostnad i løpet av studiet (det kan søkast om alternative opplegg)
- Det vert lånt ut klassesett med manus til studentane. Manglande innlevering av manus gjer ei avgift på 200,- per manus.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)