Semestre
TOD101 Teaterproduksjon 1: Realistisk teater
Ingen.
Teaterproduksjon 1 er eit introduksjonsemne til skodespelarkunst og teaterproduksjon, med fokus på ensemblespill.
Emnet tek utgangspunkt i teoriane og arbeidsmetodane til den russiske teaterpedagogen Stanislavskij, og ser på samanhengene til realisme i teatret i dag.
Studentane vil jobbe med:
- Grunntrening for kropp og stemme.
- Improvisasjon og ensemblebygging.
- Teateropplevingar og analyser.
- Iscenesettjing av dramatiske tekster.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om fagterminologi i realistisk skodespelarteknikk og ensemblespill.
- har kunnskap om dramatiske verkemiddel og ulike funksjonar i ein teaterproduksjon.
- har grunnleggjande kunnskap om framsyningsanalyse.
Studenten
- kan formidle ein karakters mål og funksjon i eit dramatisk verk, gjennom interaksjon i samspill.
- kan arbeide praktisk-metodisk med improvisasjon og skodespelarmetodikk.
- kan nytte fagterminologi og reflektere over teaterproduksjonar både munnleg og skriftleg.
Studenten
- har sjølvstendige rutinar for oppvarming og vedlikehald av kropp og stemme.
- kan samarbeide med faglærar og medstudentar.
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og verkstadar
- førelesingar
- praktisk undervisning
- framsyningar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum, i tillegg til studentdrevne morgontreningar.
I hovudproduksjonen vil læraren fungere som regissør, og studentane skal fokusere på ensemblespill og skodespelarteknikk i ein realistisk spelestil.
Emnet inneheld ei mindre studiereise, samt 1-2 teaterframsyningar til eigen kostnad.
- Alternativt opplegg vert tilbydd etter søknad.
a) Frammøtekrav:
- All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
b) Arbeidskrav:
- Ei individuell skriftleg oppgåve i framsyningsanalyse, på omlag 2000 ord, med obligatorisk rettleiing.
- Ei godkjend framsyning på Husteater.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap.5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Det vert lånt ut klassesett med manus til studentane. Manglande innlvering av manus gjer ei avgift på 200,- per manus.
- Forteljing og teaterproduksjon
- Teater og drama - årsstudium
- Teater og drama - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individuell eller gruppe (etter avtale) | 5 Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 70 | Kunstnarleg scenisk framsyning for eit publikum, medstudentar, emneansvarleg og sensor, med individuell karakter. | Alle | |
Heimeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 30 | Digital eksamen. Studenten skal ut frå eige arbeid reflektere og drøfte ulike faktorar frå framsyninga i lys av aktuell teori. | Alle | 1000 ord |