Teater og drama 1 (Vidareutdanning heiltid haust)
Korleis vert ei framsyning laga? Korleis vert eit ensemble skapt? Korleis analysere eit drama med tanke på oppsetjing? Studieprogrammet er retta mot deg som vil arbeide med drama og teater i skule, kulturskule og anna kulturverksemd, eller mot deg som siktar mot vidare teaterutdanning.
I studiet skal de jobbe med t.d.:
- Skodespelarteknikk
- Ensemblebyggjing
- Teaterproduksjon
- Teaterhistorie
- Improvisasjon
- Analysar
- Teaterkunnskap
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten
- har kunnskap om utvalde teaterfaglege tema, teoriar og problemstillingar.
- har kunnskap om utvalde teaterfaglege metodar, verkty og prosessar.
- har generell kunnskap om europeisk teaterhistorie og teaterorientert tekstanalyse
Studenten
- kan planleggje og leie praktiske øvingar og opplegg saman med andre, og analysere relevante kunstnarlege uttrykk.
- kan bruke utvalde teaterfaglege teknikkar, arbeids- og uttrykksformer i kunstnarleg formidling.
- kan setje dramatikk og teaterframsyningar inn i ein historisk kontekst.
Studenten
- kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer.
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis.
a) Arbeids- og undervisingsformene
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar
- workshops
- praktisk undervisning
- framsyningar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
- førelesingar
Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum, i tillegg til studentdrevne morgontreningar.
b) Progresjon
Vidareutdanning heiltid haust inneheld desse 30 studiepoenga:
TOD101 - Teaterproduksjon 1: Realistisk teater + TOD102 - Teaterkunnskap
Emna i studiet tilsvara 30 stp av første studieår i bachelorgraden til Teater og drama.
c) Frammøte
All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
d) Vurderingsformer
Studiet inneheld mange ulike vurderingsformer, som td.:
- Skriftlege individuelle og gruppeinnleveringar
- Teaterproduksjonar
- Analysar
- Munnlege framføringar
- Husteater
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Emne | 2017 Haust |
---|---|
15 | |
15 | |
Sum (30 total) | 30 |
Studentane skal:
- ha hensiktsmessige klede (svarte ledige bukser og topp) og innesko.
Det er ingen praksis i studiet.
a) Det er ikkje høve til utveksling i studiet.
- Det er lagt inn teaterbesøk og kortare ekskursjonar til eigen kostnad i løpet av studiet.
- Det vert lånt ut klassesett med manus til studentane. Manglande innlevering av manus gjer ei avgift på 200,- per manus.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)