Manusutvikling og stemmeskodespel - oppstart haust
Korleis skrive eit godt manus? Kva er forskjellen på å dubbe ein animasjonsfilm og lese inn ei lydbok? Korleis lagar ein radioteater?
Om du vil utvikle deg som utøvar i eit kreativt studentmiljø, og lære nye kunnskapar og ferdigheiter, er dette studiet for deg. Studiet er retta mot deg som vil arbeide med manusutvikling og metodar for formidling i ulike media.
Studiet gir kunnskap om utvalde retningar innanfor manusutvikling og kunnskap om eit breidt spekter av formidlings- og kommunikasjonsformer i ulike auditive media. Du skal få ferdigheiter i utvalde stemmeskodespelteknikkar, skriveteknikkar og lære å bruke ulik programvare til kunstnarleg formidling. Utdanninga samarbeider med mange lokale og nasjonale institusjonar (td. KHiO, Lydbokforlaget og NRK).
I studiet skal de jobbe med m.a:
- Stemmebruk
- Mikrofonteknikk
- Lydbok
- Manusutvikling
- Dubbing av film og voiceover
- Radioteater
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten
- har kunnskap om utvalde verkty og teknikkar innan manusutvikling.
- har kunnskap om eit bredt spekter av formidlings- og kommunikasjonsformer i ulike media.
Studenten
- har ferdigheiter i utvalde teknikkar for stemmeskodespel og manusutvikling.
- kan nytte teaterkunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar og analysere relevante kunstnarlege uttrykk.
- kan bruke teaterfaglege teknikkar, arbeids- og uttrykksformer i kunstnarleg formidling.
Studenten
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar.
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere varierte arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer.
a) Arbeids- og undervisingsformene
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og workshops
- produksjonar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
- studioarbeid
- nettførelesingar og webinar
Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum.
Undervisinga i TOD105 vil vere på engelsk.
b) Progresjon
Vidareutdanning haust inneheld desse 30 studiepoenga:
TOD105 - Scriptwriting + TOD107 - Lydbok, dubbing og radioteater
Emna i studiet tilsvarar 30 stp av andre studieår i bachelorgraden til Teater og drama.
Studentar som har fullført årsstudium og vidareutdanning 2 kan difor søkje overgang til bachelorgraden innan gitt frist.
c) Frammøte
All undervisning er obligatorisk, og skal vere av ei aktiv deltakande art. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
d) Vurderingsformer
Studiet inneheld mange ulike vurderingsformer:
- Skriftlege individuelle og gruppeinnleveringar
- Manusarbeid og analysar
- Lydfiler
- Munnlege framføringar og Husteater
Begge emner i denne studiemodellen er obligatoriske, og undervisningen er organisert samlingsbasert.
Emne | 2018 Haust |
---|---|
15 | |
15 | |
Sum (30 total) | 30 |
Ved teaterstudia i Volda er studenten si innlevingsevne og relasjonskompetanse svært viktig.
Undervisninga er basert på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking, medansvar og evne til samarbeid.
Studentane skal:
- ha eigen bærbar PC.
a) Det er ikkje høve til utveksling i studiet
b) Emnet TOD105 - Script writing er eit internasjonalt emne og undervisinga er på engelsk.
c) Emnet TOD107 - Lydbok, dubbing og radioteater inneheld samlingar i Volda og i Oslo.
- Det vert lånt ut klassesett med manus, lydbøker og høyrespel til studentane. Manglande innlevering gjer ei avgift på 200,- per stk.