Teater og drama 2 (Vidareutdanning)
Korleis skrive eit godt manus? Kva er forskjellen på å dubbe ein animasjonsfilm og lese inn ei lydbok? Korleis adaptere eit kunstnarleg uttrykk til eit anna? Korleis lagar ein radioteater? Om du vil utvikle deg som utøvar i eit kreativt studentmiljø og lære nye kunnskapar og ferdigheiter, er dette studiet for deg.
Videreutdanninga i teater og drama er eit ettårig studium som består av 30 studiepoeng. Studiet gir kunnskap om utvalde retningar innanfor adaptasjon og manusutvikling og kunnskap om eit breidt spekter av formidlings- og kommunikasjonsformer i ulike media.
I studiet skal de jobbe med m.a:
- Stemmebruk
- Lydbok for born og vaksne
- Adaptasjon av ulike media
- Dramaturgi
- Manusutvikling
- Dubbing av teiknefilm og/eller dataspel
- Radioteater for born og vaksne
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten
- har kunnskap om utvalde retningar innan adaptasjon og manusutvikling.
- har kunnskap om eit bredt spekter av formidlings- og kommunikasjonsformer i ulike media.
Studenten
- har ferdigheiter i utvalde skodespelteknikkar i ulike media.
- kan nytte drama- og teaterkunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar og analysere relevante kunstnarlege uttrykk.
- kan nytte drama- og teaterkunnskapar og metodar på faglege og samfunnsmessige arenaer og grunngje vala sine.
- kan bruke teaterfaglege teknikkar, arbeids- og uttrykksformer i kunstnarleg formidling.
Studenten
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar.
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere varierte arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer.
a) Arbeids- og undervisingsformene
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar
- workshops
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
- førelesingar.
Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum.
Undervisinga i haustsemesteret vil vere på engelsk.
b) Progresjon
Studiet er eit samlingsbasert deltidsstudium, og vil gå over haust og vår. Minst ei av samlingane vil vere i Oslo, og studentane må sjølv koste reise og opphald.
Vidareutdanning 2 inneheld følgjane emne:
Haust: TOD105 - Adaptation and script writing
Vår: TOD107 - Lydbok, dubbing og radioteater
Emna i studiet tilsvarar 30 stp av andre studieår i bachelorgraden til Teater og drama. Studentar som har fullført årsstudium og vidareutdanning 2 kan difor søkje overgang til bachelorgraden innan gitt frist.
c) Frammøte
All undervisning er obligatorisk, med eit godkjent frammøte på minimum 80%. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
d) Vurderingsformer
Studiet inneheld mange ulike vurderingsformer:
- Skriftlege, auvitive og visuelle individuelle og gruppeinnleveringar
- Manusarbeid
- Analysar
- Munnlege framføringar
Studiemodellen inneheld to emne: TOD105 - Adaptation and script writing, med undervising i haustsemesteret, og TOD107 - Lydbok, dubbing og radioteater, med undervising i vårsemesteret.
Emne | 2016 Haust | 2017 Vår |
---|---|---|
TOD105 Adaptation and script writing | 15 | |
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Alle studentane må ha tilgang til bærbar PC
a) Det er ikkje høve til utveksling i studiet
b) Emnet TOD107 - Lydbok, dubbing og radioteater inneheld 1-2 studiereiser til Oslo.
c) Emnet TOD105 - Adaptation and script writing er eit internasjonalt emne og undervisinga er på engelsk.
- Det er lagt inn ei obligatorisk studiereise i andre semester til eigen kostnad.
- Det vert lånt ut klassesett med manus, lydbøker og høyrespel til studentane.
Manglande innlevering gjer ei avgift på 200,- per stk.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)