See list of study plans starting on:

Teater og drama 2 (Vidareutdanning deltid haust)

Studieprogram: 
Manusutvikling og stemmeskuespill
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2017
Studieplassar: 
10
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

60 stp. i teater og drama, med minimum 30 stp. i teaterproduksjon.

Om studiet

Korleis skrive eit godt manus? Kva er forskjellen på å dubbe ein animasjonsfilm og lese inn ei lydbok? Korleis lagar ein radioteater? Om du vil utvikle deg som utøvar i eit kreativt studentmiljø og lære nye kunnskapar og ferdigheiter, er dette studiet for deg. Studiet er retta mot deg som vil arbeide med manusutvikling og metodar for formidling og kommunikasjon i ulike media. 

I studiet skal de jobbe med m.a:

  • Stemmebruk
  • Lydbok for born og/eller vaksne
  • Adaptasjon og manusutvikling
  • Dubbing av film og voiceover
  • Radioteater

Studiet er samlingsbasert med samlingar i Volda og i Oslo.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om utvalde retningar innan adaptasjon og manusutvikling.
  • har kunnskap om eit bredt spekter av formidlings- og kommunikasjonsformer i ulike media.
Ferdigheiter

Studenten

  • har ferdigheiter i utvalde teknikkar for stemmeskodespel og manusutvikling.
  • kan nytte teaterkunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar og analysere relevante kunstnarlege uttrykk.
  • kan bruke teaterfaglege teknikkar, arbeids- og uttrykksformer i kunstnarleg formidling.
Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar.
  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere varierte arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer.
Organisering og arbeidsmåtar

a) Arbeids- og undervisingsformene

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • seminar 
  • workshops 
  • produksjonar
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid
  • studioarbeid
  • førelesingar

Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum. 
Undervisinga i TOD105 vil vere på engelsk.

 

b) Progresjon

Vidareutdanning deltid haust inneheld desse 30 studiepoenga:

TOD105 - Adaptation and scriptwriting + TOD107 - Lydbok, dubbing og radioteater 

Emna i studiet tilsvarar 30 stp av andre studieår i bachelorgraden til Teater og drama. Studentar som har fullført årsstudium og vidareutdanning 2 kan difor søkje overgang til bachelorgraden innan gitt frist. 

 

c) Frammøte

All undervisning er obligatorisk, og skal vere av ei aktiv deltakande art. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 

 

d) Vurderingsformer

Studiet inneheld mange ulike vurderingsformer:

  • Skriftlege individuelle og gruppeinnleveringar
  • Manusarbeid
  • Analysar
  • Lydfiler
  • Munnlege framføringar
  • Husteater
Teater og drama 2 (Vidareutdanning deltid haust)
Navn: 
Teater og drama 2 (Vidareutdanning deltid haust)
Emne2017 Haust2018 Vår
15
15
TOD201 Teaterproduksjon 5: Samtidsteater
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Studentane skal:

  • ha hensiktsmessige klede (svarte ledige bukser og topp) og innesko.
  • ha eigen bærbar PC.
Internasjonalisering

a) Det er ikkje høve til utveksling i studiet

b) Emnet TOD107 - Lydbok, dubbing og radioteater har ein samling lagt til Oslo. 

c) Emnet TOD105 - Adaptation and script writing er eit internasjonalt emne og undervisinga er på engelsk.

 

Kostnader
  • Det vert lånt ut klassesett med manus, lydbøker og høyrespel til studentane. Manglande innlevering gjer ei avgift på 200,- per stk.
Anna
Studentarbeid som blir produsert og dokumentert, i form av bilde, lydfiler eller film, i løpet av studiet, vil kunne bli brukt som døme ved seinare kurs, eller i skulen sin informasjon om eigne aktivitetar og studie, dersom ikkje studenten skriftleg motsett seg dette.
Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg
Vibeke Preus Bech