Profesjonsfagleg digital kompetanse for yrkesfaglærarar - Borgund
Studiet har eit særleg fokus på eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse som yrkesfaglærar. For å kunne utvikle digitale fagkunnskapar hos elevane må lærarane utvikle sin eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse med eit tosidig siktemål: Det eine handlar om profesjonsutvikling, det andre om sjølve profesjonsutøvinga. Studiet har både praktiske og teoretiske tilnærmingar, og ein får utvikla seg fagleg både profesjonelt og personleg gjennom å tileigne seg nye læringsmetodar for livslang læring. Studiet vil tematisere sentrale delar av rammeverk for profesjonsfagleg digital kompetanse (IKT-senteret, mai 2017) og er ein del av regjeringa si satsing «Yrkesfaglærarløftet – for framtidas fagarbeidarar».
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram (eller utdanning?)
Kandidaten:
har kunnskapar om rammeverk for profesjonsfagleg digital kompetanse
har kunnskapar om metodar for læring i teknologirik opplæring
kjenner til barn og unge sin mediekultur
har kunnskapar om digital dømmekraft og digital studieteknikk
kjenner til metodar for å utvikle kunnskap om bruk av digitale ressursar og læringsnettverk
Kandidaten kan:
vurdere og reflektere over sin eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse
finne, vurdere og ta i bruk digitale ressursar og verkty i eige didaktisk arbeid
tilretteleggje for gode læringsprosessar i teknologirike omgjevnader
etablere og bruke nettverk som ein del av eiga kompetanseutvikling
Kan anvende kunnskap og ferdigheter på sjølvstendig vis i ulike situasjoner i utdanning- og yrkessammenheng gjennom samarbeid, refleksjon og kritisk tenkning.
Har betra forståing for teknologien sin plass i samfunnet
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Studiet gir totalt 15 studiepoeng, fordelt over tre semester (5 studiepoeng på kvart) på deltid. Det er lagt opp til ei felles oppstartssamling. Studiet vil blir organisert med ei veksling mellom 1) skulebasert samarbeidstid organisert lokalt med kunnskapsdeling, praktisk utprøving og nettbasert rettleiing, 2) utviklingsarbeid knytt til eigen undervisings- og opplæringspraksis mellom samlingane, og 3) nettleksjonar og samarbeid på nett. Det blir lagt opp til at deltakarane i studiet skal dele sine arbeid med kvarandre og/eller sine lærarkollegium lokalt på skulen der dei arbeider gjennom obligatoriske arbeidskrav knytt til kvart delemne.
Emne | 2019 Haust | 2020 Vår | 2020 Haust |
---|---|---|---|
5 | 5 | 5 | |
Sum (15 total) | 5 | 5 | 5 |
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)