Sjå liste over studieplanar som starter på:

Profesjonsfagleg digital kompetanse for yrkesfaglærarar - Borgund

Program of study: 
Profesjonsfagleg digital kompetanse for yrkesfaglærarar - Borgund
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
15
Duration: 
3 semesters
Year: 
2019
Number of students: 
130
Type of study: 
Further education (bachelor's degree level)
Study mode
Part-time
Admission and rating

Godkjend lærarutdanning (PPU eller yrkesfaglærar).

About

Studiet har eit særleg fokus på eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse som yrkesfaglærar. For å kunne utvikle digitale fagkunnskapar hos elevane må lærarane utvikle sin eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse med eit tosidig siktemål: Det eine handlar om profesjonsutvikling, det andre om sjølve profesjonsutøvinga. Studiet har både praktiske og teoretiske tilnærmingar, og ein får utvikla seg fagleg både profesjonelt og personleg gjennom å tileigne seg nye læringsmetodar for livslang læring. Studiet vil tematisere sentrale delar av rammeverk for profesjonsfagleg digital kompetanse (IKT-senteret, mai 2017) og er ein del av regjeringa si satsing «Yrkesfaglærarløftet – for framtidas fagarbeidarar».

Learning outcome

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram (eller utdanning?)

Learning outcome knowledge

Kandidaten:

  • har kunnskapar om rammeverk for profesjonsfagleg digital kompetanse

  • har kunnskapar om metodar for læring i teknologirik opplæring

  • kjenner til barn og unge sin mediekultur

  • har kunnskapar om digital dømmekraft og digital studieteknikk

  • kjenner til metodar for å utvikle kunnskap om bruk av digitale ressursar og læringsnettverk

Learning outcome skills

Kandidaten kan:  

  • vurdere og reflektere over sin eigen profesjonsfaglege digitale kompetanse

  • finne, vurdere og ta i bruk digitale ressursar og verkty i eige didaktisk arbeid

  • tilretteleggje for gode læringsprosessar i teknologirike omgjevnader

  • etablere og bruke nettverk som ein del av eiga kompetanseutvikling

Learning outcome qualification
  • Kan anvende kunnskap og ferdigheter på sjølvstendig vis i ulike situasjoner i utdanning- og yrkessammenheng gjennom samarbeid, refleksjon og kritisk tenkning.

  • Har betra forståing for teknologien sin plass i samfunnet

Content structure

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Studiet gir totalt 15 studiepoeng, fordelt over tre semester (5 studiepoeng på kvart) på deltid. Det er lagt opp til ei felles oppstartssamling. Studiet vil blir organisert med ei veksling mellom 1) skulebasert samarbeidstid organisert lokalt med kunnskapsdeling, praktisk utprøving og nettbasert rettleiing, 2) utviklingsarbeid knytt til eigen undervisings- og opplæringspraksis mellom samlingane, og 3) nettleksjonar og samarbeid på nett. Det blir lagt opp til at deltakarane i studiet skal dele sine arbeid med kvarandre og/eller sine lærarkollegium lokalt på skulen der dei arbeider gjennom obligatoriske arbeidskrav knytt til kvart delemne.

 

Profesjonsfagleg digital kompetanse for yrkesfaglærarar - Borgund
Navn: 
Profesjonsfagleg digital kompetanse for yrkesfaglærarar - Borgund
Course2019 Autumn2020 Spring2020 Autumn
555
Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg
Stian Cornelius Fagerlid