See list of study plans starting on:

Engelsk nettstudium, oppstart vår

Studieprogram: 
Engelsk - årsstudium (nettstudium)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2019
Studieplassar: 
130
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Om studiet

Engelsk er i dag det viktigaste språket i verda. Det er morsmål for om lag 400 millionar menneske og eit viktig andrespråk for mange fleire. Engelsk nettstudium gir ei grunnleggande innføring i engelskfaget sine akademiske disiplinar: språk, litteratur og kulturkunnskap. Studiet kvalifiserer for vidare studium i engelsk på 200-nivå (fordjuping). Studiet kan også nyttast som eit første steg mot ein mastergrad i engelsk. Studiet kvalifiserer også, i kombinasjon med PPU (praktisk pedagogisk utdanning), til arbeid som engelsklærar i skulen. Opptak til PPU vil kreve mastergrad frå hausten 2019.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Etter fullført studium har studenten kunnskap om:

-        vokabular, struktur og funksjon i engelsk språk

-        kultur, samfunn og litteratur i nokre land der engelsk er hovudspråk

-        normer for akademisk tekstproduksjon og ansvarleg kjeldebruk

Ferdigheiter

Etter fullført studium kan studenten:

-        identifisere og analysere språkstrukturar i engelsk

-        analysere eldre og nyare engelskspråkleg litteratur (hovudsakleg frå britisk og amerikansk område)

-        tolke kulturelle og samfunnsmessige fenomen og tekstar frå engelskspråklege land

Generell kompetanse

Studenten kan nytte fagstoffet til å skaffe seg større innsikt på dei ulike områda innanfor faget, og kommunisere på engelsk i ulike samanhengar.

Organisering og arbeidsmåtar

Studiet består av fire emne à 15 studiepoeng. Det vert undervist i to emne i haustsemesteret og to emne i vårsemesteret.Studiet kan takast på heiltid eller deltid, med oppstart haust eller vår - sjå eigne planar for deltidsstudiet.

Studiet tilsvarar i faginnhald engelsk årsstudium, som vert tilbode med ordinær undervisning i Volda.

Ein bør merkje seg at studenten kan styre si eiga arbeidstid. Nettstudiet gjev relativt stor fleksibilitet, men stiller samstundes krav om god planlegging av eiga tid.

 

Engelsk nettstudium, heiltid, opptak vår
Krav til utstyr eller ferdigheiter

ENG143N har munnlege arbeidskrav og studenten må ha tilgong til datamaskin med mikrofon.

Studenten må ha damaskin, mikofon og webcamera for å delta i digitale diskusjonsgrupper, og til munnleg eksamen i kulturdelen av ENG142N dersom ein ein ikkje kjem til høgskulen for å ta denne eksamenen på campus.  

Praksis

Det er ikkje praksis i dette studiet.

Internasjonalisering

 Det er høve til å delta i det ordinære studiet sitt to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i Storbritannia, York; dette med atterhald om ledige plassar i York i det aktuelle tidsromet. Ta kontakt med emneansvarleg for ENG142N så snart som mogleg om dette er av interesse.

Kostnader

Kr. 4000 pr. emne

Anna
The programme is net-based and there is a NOK4000 fee per 15-credit module. In addition there is a NOK1500 fee for each de-centralised written exam, if necessary. Teaching is mainly offered in the form of lessons which will be accessible from they are posted. For the most part, students will be able to organise their study to suit their own timetable, this also means that they are expected to manage their time efficiently. Students must have access to a computer microphone and web camera.
Ansvarleg
Åsa S. Bruheim