See list of study plans starting on:

Friluftsliv årsstudium

Studieprogram: 
Friluftsliv - årsstudium
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2019
Studieplassar: 
40
Studietype: 
Årsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Ved fullføring av dette studiet skal studenten kunne planlegge og tilrettelegge for auka friluftslivsdeltaking i samfunnet. Studenten skal også kunne planlegge og drive opplæring innan friluftsliv for skule, frivillige organisasjonar og andre institusjonar. Studiet inngår som ein del av Bachelor i Friluftsliv og naturguide ved HVO, men kan også sjåast på som eit sjølvstendig, avsluttande studium med sikte på auka kompetanse i friluftsliv for arbeid i skuleverk og organisasjonar o.a. Studiet er svært relevant for lærarar og andre arbeidsgrupper som vil arbeide med barn og unge.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

 

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om relevante tema som gir eit godt grunnlag for å vegleie og undervise i friluftsliv
  • har kunnskap om og erfaring i vegleiing/undervisning i og om naturen
  • har kunnskapar om samspelet i naturen, og forståing for mennesket sin plass sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synstad
  • har kjennskap til dei rammevilkår og krav som er aktuelle i høve til friluftsliv i barnehage, skule og fritid
  • har kunnskap som gir ei god plattform for vidare studium i friluftsliv
Ferdigheiter

Studenten 

  • har ferdigheiter som gir godt grunnlag for sikker ferdsel i ulike naturtypar under vekslande tilhøve, bygd på opplevingar og erfaringar i naturen
  • har solide grunnleggande ferdigheiter og kan formidle haldningar som gjer at ein kan ferdast trygt i naturen med enkle hjelpemiddel
  • Kan organisere og leie grupper i ulike naturtypar under vekslande forhold
Generell kompetanse

Studenten 

  • har forståing for faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling og forvaltaransvar, og utvikle samhandling i naturen
  • kan vurdere eigne og andre sine føresetnader i høve til å takle ulike utfordringar i naturen
  • har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom praktiske opplegg ute i naturen
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er sett saman av to emne, kvart på 30 studiepoeng, som byggjer på kvarandre. IKF 106 Friluftsliv 1. Første emnet har vekt på basisferdigheiter, førstehjelp, friluftsliv ved kysten, friluftsliv fra fjøre til fjell, ferdsel i brelandskap og kanopadling. I tillegg til dagsturar blir det ca. fem veker til saman med overnatting ute. Ei veke med eigenferd i grupper, samt åleinetur er lagt inn på hausten, saman med ca. ei veke observasjonspraksis. Viktige tema er friluftslivspedagogikk og veglederlære/turleiing, friluftsliv og samfunn, naturkjennskap og utstyrslære. To av vekene bur vi på kystbasen til HVO på vakre Yksnøya.

IKF 107 Friluftsliv 2. Andre emne har hovudtema snø, ski og (høg) fjell. Snø- og skredlære er eit viktig fokus tidlig på vinteren. Det blir skredkurs i Sunnmørsalpane, før turar i vinterskog og vinterfjell. Seinare på våren kjem vårskisamling i Sunnmørsalpane. I tillegg til tre til fire veker med utandørs overnatting med vegleiar kjem ein til to veker med fordjuping og eigenferd.

Friluftsliv årsstudium
Navn: 
Friluftsliv årsstudium
Informasjon

Studiet er sett saman av to emne på 30 studiepoeng. 

Friluftsliv årsstudium kvalifiserer deg til å arbeide med grupper i varierte naturtypar. Studiet gir deg moglegheit til å vere fysisk aktiv, og studenten lærer å ha ansvar for og leie grupper med tanke på tryggleik, oppleving og læring.  

 

IKF 106  Friluftsliv 1.
Det første emnet har vekt på basisferdigheiter og kunnskapar for å kunne arbeide med grupper i naturen. Studiet er bygt opp rundt friluftsliv ved kysten, friluftsliv frå fjøre til fjell, kanopadling og ferdsel i brelandskap. I tillegg til dagsturar blir det ca fem veker til saman med overnatting ute. Det er lagt inn ei veke med eigenferd i grupper, samt åleinetur. I tillegg til dette er det ca. ei veke med observasjonspraksis. Viktige tema er veglederlære og turleiing, friluftsliv og samfunn, naturkjennskap og utstyrslære.

IKF 107 Friluftsliv 2.
Det andre emnet har hovudtema snø, ski og fjell. Faglig målsetting er å gjere studentane i stand til å ha med seg ulike grupper ute om vinteren. Snø- og skredlære er eit viktig fokus tidlig på vinteren, før studieturar i vinterskog og vinterfjell. Seinare på våren kjem vårskisamling i Sunnmørsalpane. I tillegg til tre til fire veker med utandørs overnatting med vegleiar, kjem ein til to veker med fordjuping og eigenferd.

Emne2019 Haust2020 Vår
30
30
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Ein føreset at studentane er fysisk skikka og utstyrsmessig utrusta til å gjennomføre undervisningsopplegga med overskot. Under samlingane vil ein bu i telt, bevege seg i ulendt terreng og bere oppakning. Studentane må vere symjedyktige

Praksis

Fire dagar observasjonspraksis og fem dagar vegleiarpraksis.

Kostnader

Det blir kravd inn kr 400,- pr. semester i materialpengar, som skal dekke bruk av utstyr og materiell.

 

Ansvarleg
Dag Erik Wold