Friluftsliv årsstudium
Ved fullføring av dette studiet skal studenten kunne planlegge og tilrettelegge for auka friluftslivsdeltaking i samfunnet. Studenten skal også kunne planlegge og drive opplæring innan friluftsliv for skule, frivillige organisasjonar og andre institusjonar. Studiet inngår som ein del av Bachelor i Friluftsliv og naturguide ved HVO, men kan også sjåast på som eit sjølvstendig, avsluttande studium med sikte på auka kompetanse i friluftsliv for arbeid i skuleverk og organisasjonar o.a. Studiet er svært relevant for lærarar og andre arbeidsgrupper som vil arbeide med barn og unge. Studiet gir eit godt grunnlag for naturguidestudium.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Studenten
- har grunnleggande kunnskapar om samspelet i naturen, og forståing for mennesket sin plass sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synstad
- har kjennskap til dei rammevilkår og krav som er aktuelle i høve til friluftsliv i barnehage, skule og fritid
- har kunnskap som gir eit godt grunnlag for å vegleie og undervise i friluftsliv
- har kunnskap som gir ei god plattform for vidare studium i friluftsliv
- har bakgrunn for og erfaring i vegleiing/undervisning i og om naturen
Studenten
- har ferdigheiter som gir godt grunnlag for sikker ferdsel i ulike naturtypar under vekslande tilhøve, bygd på opplevingar og erfaringar i naturen
- har grunnleggande ferdigheiter og kan formidle haldningar som gjer at ein kan ferdast trygt i naturen med enkle hjelpemiddel
Studenten
- har forståing for faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling og forvaltaransvar, og utvikle samhandling i naturen
- kan vurdere eigne og andre sine føresetnader i høve til å takle ulike utfordringar i naturen
- har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom praktiske opplegg ute i naturen
Studiet er sett saman av to emne, kvart på 30 studiepoeng, som byggjer på kvarandre. IKF 106 Friluftsliv 1. Første emnet har vekt på basisferdigheiter, førstehjelp, friluftsliv ved kysten, friluftsliv fra fjøre til fjell, ferdsel i brelandskap og kanopadling. I tillegg til dagsturar blir det ca. fem veker til saman med overnatting ute. Ei veke med eigenferd i grupper, samt åleinetur er lagt inn på hausten, saman med ca. ei veke observasjonspraksis. Viktige tema er friluftslivspedagogikk og veglederlære/turleiing, friluftsliv og samfunn, naturkjennskap og utstyrslære. To av vekene bur vi på kystbasen til HVO på vakre Yksnøya.
IKF 107 Friluftsliv 2. Andre emne har hovudtema snø, ski og (høg) fjell. Snø- og skredlære er eit viktig fokus tidlig på vinteren. Det blir skredkurs i Sunnmørsalpane, før turar i vinterskog og vinterfjell. Seinare på våren kjem vårskisamling i Sunnmørsalpane. I tillegg til tre til fire veker med utandørs overnatting med vegleiar kjem ein til to veker med fordjuping og eigenferd.
Studiet er sett saman av to emne, kvart på 30 studiepoeng, som byggjer på kvarandre.
IKF 106 Friluftsliv 1.
Første emnet har vekt på basisferdigheiter, friluftsliv ved kysten, friluftsliv frå fjøre til fjell, kanopadling og ferdsel i brelandskap. I tillegg til dagsturar blir det ca fem veker til saman med overnatting ute. Ei veke med eigenferd i grupper, samt åleinetur er lagt inn på hausten, saman med ca. ei veke observasjonspraksis. Viktige tema er friluftslivspedagogikk, veglederlære og turleiing, friluftsliv og samfunn, naturkjennskap og utstyrslære.
IKF 107 Friluftsliv 2.
Andre emnet har hovudtema snø, ski og (høg)fjell. Snø- og skredlære er eit viktig fokus tidlig på vinteren. Det blir skredkurs i Sunnmørsalpane, før turar i vinterskog og vinterfjell. Seinare på våren kjem vårskisamling i Sunnmørsalpane. I tillegg til tre til fire veker med utandørs overnatting med vegleiar kjem ein til to veker med fordjuping og eigenferd.
Emne | 2018 Haust | 2019 Vår |
---|---|---|
30 | ||
30 | ||
Sum (60 total) | 30 | 30 |
Ein føreset at studentane er fysisk skikka og utstyrsmessig utrusta til å gjennomføre undervisningsopplegga med overskot. Under samlingane vil ein bu i telt, bevege seg i ulendt terreng og bere oppakning. Studentane må vere symjedyktige
Fire dagar observasjonspraksis og fem dagar vegleiarpraksis.
Det blir kravd inn kr 400,- pr. semester i materialpengar, som skal dekke bruk av utstyr og materiell.