Design, kunst og handverk (vidareutdanning) oppstart haust
Studiet er organisert som eit deltidsstudium over to semester, der studenten tek eitt emne pr. semester. Studiet har i hovudsak ei praktisk tilnærming til faget, og utviklar deg som utøvar i, og formidlar av faget. Studiet fokuserer på fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag. Kjerneelementa i Kunst- og handverksfaget i grunnskulen er fokuserte: Handverksferdigheiter, kunst- og designprosessar, visuell kommunikasjon og kulturforståing.
I studiet er det tilbod om fleire emne, og studenten vel to emne etter eige ynskje.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten:
- har kunnskap om faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og verkty knytt til skapande prosessar i til dømes bilete, bruksform og arkitektur
- har kunnskap om fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag.
Studenten:
- kan bruke ferdigheitene i faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og reiskap knytt til skapande prosessar i til dømes bilete, bruksform og arkitektur
- har ferdigheiter i å bruke fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag knytt til fagleg utvikling og formidling.
Studenten:
- har evne til å sjå faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling
- kan bruke fagkunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
- har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom relevante uttrykksformer.
Studiet vert sett saman av to emne à 15 studiepoeng, etter studenten sitt eige ynskje (sjå emnealternativ under overskrifta Valfrie emne).
Dersom studiet seinare skal utvidast til årsstudium, kan studenten søkje om å få eit av emna innpassa som ein del av studiet (sjå kva emne det er i studieplanen for årsstudiet i kunst og handverk).
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga blir organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).
Studentane får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studiet har ulike vurderingsformer som er nærare omtala i dei aktuelle emneplanane.
Oversikt over emne og dagar undervisninga foregår:
KOH115: tysdag og torsdag
KOH117: onsdag og fredag
KOH131: måndag og torsdag
Emne | 2019 Haust | 2020 Vår |
---|---|---|
Valfrie emne | 15 | 15 |
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Studentane betalar ei materialavgift pr. emne. Denne dekker felles innkjøpte materiale. Summen for kvart emne er å finne i dei aktuelle emneplanane. I tillegg må studenten pårekne innkjøp av litt materiale til bruk i eige eksamensarbeid, i enkelte av emna.