Kunst og handverk (vidareutdanning)
Studiet har i hovudsak ei praktisk tilnærming til faget og utviklar deg som utøvar i og formidlar av faget. Studiet fokuserer på teori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag. I studiet er det tilbod om sju ulike emne, og studenten vel to emne etter ønskje.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
- Studenten har kunnskap om faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og reiskap knytt til skapande prosessar i bilete, bruksform og arkitektur
- Studenten har kunnskap om fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag
- Studenten kan bruke ferdigheitene i faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og reiskap knytt til skapande prosessar i bilete, bruksform og arkitektur
- Studenten har ferdigheiter i å bruke fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag knytt til fagleg utvikling og formidling
- Studenten har evne til å sjå faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling og forvaltaransvar utvikle seg til samhandlande menneske på tvers av kulturar
- Studenten har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom relevante uttrykksformer
Studiet skal settast saman av 2 emne à 15 studiepoeng etter studentens eige val. Studenten kan velje mellom fleire emne.
Haustemne:
- Fagdidaktikk, kunst og formkultur, 15 studiepoeng
- Tre og tradisjonsarbeid, 15 studiepoeng
- Tekstil - formgiving til utebruk, 15 studiepoeng
Våremne:
- Kunst - skaping og formidling, 15 studiepoeng
- Visuell kommunikasjon, 15 studiepoeng
- Leire og produktutvikling, 15 studiepoeng
Dersom studiet seinare skal utvidast til årsstudium, må du velje to av dei fire obligatoriske emna i årsstudiet (sjå kva emne det er i studieplanen for årsstudiet i kunst og handverk). Studiet har ulike vurderingsformer som er nærare omtala i dei aktuelle emneplanane.
Emne | 2016 Haust | 2017 Vår |
---|---|---|
Valfrie emne | 15 | 15 |
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.