Musikk, opne emne (haust)
Musikk opne emne (haust) inneheld dei fire valemna MUS 101 Inn i musikken, MUS 102 Musikk i barneskulen, MUS 107 Musikk og livshandtering, og MUS 105 Musikkteknologi 1.
Desse fire 15 st.p. emna gjev grunnlag for vidare studium i musikk. Dei kan inngå i bachelor i musikk, og kan inngå som valfri del i andre bachelorgradar. MUS 101 og MUS 102 er også to av fire emne (MUS 101, MUS102, MUS 103 og MUS 104) som til saman utgjer årsstudium i musikk.
Musikk, opne emne rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen, og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturliv og privat næring.
- MUS101 Inn i musikken gjev eit fagleg grunnlag i disiplinane musikkteori, arrangering, høyrelære, musikkorientering og utøving. Med til dette emnet høyrer også det å synge i kor/spele i orkester. (Sjå emneplan for nærare info)
- MUS102 Musikk for barn og unge 1 gir fagleg og didaktisk kompetanse for arbeid med musikk med barn i aldresgruppa 6- 12 år. Det vert fokusert på følgjande hovudområde: musikkutøving, komponering, lytting og didaktisk refleksjon. Kurs i folkemusikk ved Ole Bull- akademiet på Voss inngår i studiet.(Sjå emneplan for nærare info)
- MUS105 Musikkteknologi 1 gir ei grunnleggande innføring i lydproduksjon og i å nytte lydutstyr ved framføringar og opptak, programvare for lydredigering frå ei tilretteleggingsfase med opptak og nedmiks til ferdig produkt. (Sjå emneplan for nærare info)
- MUS107 Musikk og livsmeistring 1 tek utgangspunkt i musikalsk aktivitet som middel til modning, livsmeistring og psykisk velvære. Emnet har hovuddelene «Musikk og meistring», «Samsong og fellesskap», «Improvisasjon og fridom», «Akustikk og verdsetting» og «Inspirasjon og indre glød». (Sjå emneplan for nærare info)
Studenten skal få innføring i og tileigne seg kompetanse innan sentrale metodar og kunnskapsområde i musikk som:
musikkteori, musikkutøving, musikkens innverknad på menneske og musikkproduksjon og metodar innan musikkteknologi slik at ein kan bruke denne kunnskapen i samfunnsutviklande arbeid i skule, kulturskule, helsevesen, det frie kulturliv og privat næring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten:
- har kunnskap om sentrale metodar innan musikkteori, musikkteknologi og musikkutøving
- har kunnskap om musikkens innverknad på mennesket og korleis ein kan bruke musikk som reiskap for emosjonell, intellektuell, sosial og kunstnarleg utvikling
- har kunnskap om musikk som samfunnsfenomen
- har kunnskap om musikk og helse
Studenten:
- kan utøve musikk, komponere og improvisere musikk og lage musikkproduksjonar gjennom tileigna kunnskapar innan lydproduksjon og lydredigering
- kan bruke eigne erfaringar med musikk og livshandtering i arbeid t.d. i helserelatert arbeid.
Studenten:
- kan bruke kunnskapar frå emna på ein sjølvstendig og reflektert måte og i eit samarbeid med andre
- kan reflekter over kunnskapen og eigen praksis på ein kritisk måte i yrkessamanheng.
- Førelesingar
- Dialog gjennom samtale/refleksjon
- Gruppearbeid
- Utøving av musikk, individuelt og i grupper
- Individuelt arbeid
Emne | 2019 Haust |
---|---|
Valbare emner haust 2019 | 15 |
15 | |
15 | |
15 | |
15 | |
Sum (15 total) | 15 |