See list of study plans starting on:

Vidareutdanning i musikk (haust)

Studieprogram: 
Vidareutdanning i musikk
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
15
Studielengd: 
1 semester
Kull: 
2022
Studieplassar: 
40
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Musikk vidareutdanning (haust) inneheld dei tre valemna MUS101 Inn i musikken, MUS102 Musikk i barneskulen og MUS105 Musikkteknologi 1.

Desse tre 15 st.p. emna gjev grunnlag for vidare studium i musikk. Dei kan inngå i bachelor i musikk, og kan inngå som valfri del i andre bachelorgradar. 

Musikk, vidareutdanning rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen, og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturliv og privat næring.

  • MUS101 Inn i musikken gjev eit fagleg grunnlag i disiplinane musikkteori, arrangering, høyrelære, musikkorientering og utøving. Med til dette emnet høyrer også det å synge i kor/spele i orkester. (Sjå emneplan for nærare info)
  • MUS102 Musikk for barn og unge 1 gir fagleg og didaktisk kompetanse for arbeid med musikk med barn i aldresgruppa 6- 12 år. Det vert fokusert på følgjande hovudområde: musikkutøving, komponering, lytting og didaktisk refleksjon. Kurs i folkemusikk ved Ole Bull- akademiet på Voss inngår i studiet.(Sjå emneplan for nærare info)
  • MUS105 Musikkteknologi 1 gir ei grunnleggande innføring i lydproduksjon og i å nytte lydutstyr ved framføringar og opptak, programvare for lydredigering frå ei tilretteleggingsfase med opptak og nedmiks til ferdig produkt. (Sjå emneplan for nærare info)

Studenten skal få innføring i og tileigne seg kompetanse innan sentrale metodar og kunnskapsområde i musikk som:

musikkteori, musikkutøving, musikkens innverknad på menneske og musikkproduksjon og metodar innan musikkteknologi slik at ein kan bruke denne kunnskapen i samfunnsutviklande arbeid i skule, kulturskule, helsevesen, det frie kulturliv og privat næring.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram: 

Kunnskapar

Studenten: 

  • har kunnskap om sentrale metodar innan musikkteori, musikkteknologi og musikkutøving
  • har kunnskap om musikkens innverknad på mennesket og korleis ein kan bruke musikk som reiskap for emosjonell, intellektuell, sosial og kunstnarleg utvikling
  • har kunnskap om musikk som samfunnsfenomen
  • har kunnskap om musikk og helse
Ferdigheiter

Studenten: 

  • kan utøve musikk, komponere og improvisere musikk og lage musikkproduksjonar gjennom tileigna kunnskapar innan lydproduksjon og lydredigering
  • kan bruke eigne erfaringar med musikk og livshandtering i arbeid t.d. i helserelatert arbeid.
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan bruke kunnskapar frå emna på ein sjølvstendig og reflektert måte og i eit samarbeid med andre
  • kan reflekter over kunnskapen og eigen praksis på ein kritisk måte i yrkessamanheng. 
Organisering og arbeidsmåtar
  • Førelesingar
  • Dialog gjennom samtale/refleksjon
  • Gruppearbeid
  • Utøving av musikk, individuelt og i grupper
  • Individuelt arbeid
Vidareutdanning i musikk (haust)
Navn: 
Vidareutdanning i musikk (haust)
Emne2022 Haust
Valbare emner haust 2022
15
 
15
 
15
 
15
Ansvarleg
Stein Helge Solstad