Vidareutdanning i musikk (haust)
Musikk vidareutdanning (haust) inneheld dei tre valemna MUS101 Inn i musikken, MUS102 Musikk i barneskulen og MUS105 Musikkteknologi 1.
Desse tre 15 st.p. emna gjev grunnlag for vidare studium i musikk. Dei kan inngå i bachelor i musikk, og kan inngå som valfri del i andre bachelorgradar.
Musikk, vidareutdanning rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen, og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturliv og privat næring.
- MUS101 Inn i musikken gjev eit fagleg grunnlag i disiplinane musikkteori, arrangering, høyrelære, musikkorientering og utøving. Med til dette emnet høyrer også det å synge i kor/spele i orkester. (Sjå emneplan for nærare info)
- MUS102 Musikk for barn og unge 1 gir fagleg og didaktisk kompetanse for arbeid med musikk med barn i aldresgruppa 6- 12 år. Det vert fokusert på følgjande hovudområde: musikkutøving, komponering, lytting og didaktisk refleksjon. Kurs i folkemusikk ved Ole Bull- akademiet på Voss inngår i studiet.(Sjå emneplan for nærare info)
- MUS105 Musikkteknologi 1 gir ei grunnleggande innføring i lydproduksjon og i å nytte lydutstyr ved framføringar og opptak, programvare for lydredigering frå ei tilretteleggingsfase med opptak og nedmiks til ferdig produkt. (Sjå emneplan for nærare info)
Studenten skal få innføring i og tileigne seg kompetanse innan sentrale metodar og kunnskapsområde i musikk som:
musikkteori, musikkutøving, musikkens innverknad på menneske og musikkproduksjon og metodar innan musikkteknologi slik at ein kan bruke denne kunnskapen i samfunnsutviklande arbeid i skule, kulturskule, helsevesen, det frie kulturliv og privat næring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten:
- har kunnskap om sentrale metodar innan musikkteori, musikkteknologi og musikkutøving
- har kunnskap om musikkens innverknad på mennesket og korleis ein kan bruke musikk som reiskap for emosjonell, intellektuell, sosial og kunstnarleg utvikling
- har kunnskap om musikk som samfunnsfenomen
- har kunnskap om musikk og helse
Studenten:
- kan utøve musikk, komponere og improvisere musikk og lage musikkproduksjonar gjennom tileigna kunnskapar innan lydproduksjon og lydredigering
- kan bruke eigne erfaringar med musikk og livshandtering i arbeid t.d. i helserelatert arbeid.
Studenten:
- kan bruke kunnskapar frå emna på ein sjølvstendig og reflektert måte og i eit samarbeid med andre
- kan reflekter over kunnskapen og eigen praksis på ein kritisk måte i yrkessamanheng.
- Førelesingar
- Dialog gjennom samtale/refleksjon
- Gruppearbeid
- Utøving av musikk, individuelt og i grupper
- Individuelt arbeid
Emne | 2020 Haust |
---|---|
Valbare emner haust 2020 | 15 |
15 | |
15 | |
15 | |
Sum (15 total) | 15 |