See list of study plans starting on:

Naturfag 1 (1-7)

Studieprogram: 
Naturfag 1, 1.-7. trinn (nett- og samlingsbasert)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2020
Studieplassar: 
35
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning.

Om studiet

Studiet er eit videreutdanningstilbod til lærarar som har lite eller ikkje noko naturfag i si tidlegare utdanning. Innhaldet i studiet tilsvarar Naturfag 1 i grunnskulelærerutdanninga for 1.-7. steg. Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å kunne planleggja,organisera, tilpassa, gjennomføra og evaluera ulike læreprosessar i naturfag for elevar i grunnskulen. Studenten skal få kompetanse til å undervise naturfag i dagens skule, samstundes som studenten skal kunne vere med å utvikle og forme naturfaget i framtida. 

Det vil vere mulig å ta NF101B (fysikk/kjemi 1) i haustsemesteret og deretter NF102B (biologi/geofag1) i det påfylgjande vårsemesteret. For å oppnå godkjent naturfagutdanning (30 studiepoeng) for undervisning i grunnskulen blir det krevd at emnet NF101B er bestått i tillegg til NF102B. 

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna.I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten:

  • skal ha grunnleggande kunnskapar på fagområda biologi, fysikk, geofag og kjemi, tilstrekkeleg for å undervise på 1.-7. steg i grunnskulen
  • skal ha kunnskap i naturfagdidaktiske tema som er relevante for fagstoffet og undervisning i skulen
  • skal ha kjennskap til naturfagdidaktisk forsking som er relevant både for utvikling av eigen undervisingspraksis og for elevar si læring
Ferdigheiter

Studenten:

  • skal kunne planlegga, gjennomføra og vurdera naturfagundervisning for elevar på 1.-7. steg
  • skal ha gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i faget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hjå elevane
  • skal kunne knytte kunnskap i naturfagdidaktiske tema til eigen undervisning i faget
Generell kompetanse

Studenten:

  • skal øve opp evnen til kritisk tenking på område i samfunnet der naturvitenskap er relevant
  • skal øve opp evnen til refleksjon angåande elevar sitt forhold til naturfag og naturvitenskap i og utanfor skulen
  • skal vise evne til å samarbeide med andre om å gjennomføra og utvikla naturfagundervisning
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er sett saman av dei to emna NF101B (haust) og NF102B (vår), kvart på 15 studiepoeng. Hovuddelen av teoriundervisninga blir gitt via internett. Det er obligatorisk frammøte til all praktisk undervisning, som består av to samlingar pr. semester á 3 dagar, sjå Forskrift om studium og eksamen § 4-6. Studiet inneheld skriftlege arbeidskrav, og sluttvurdering blir gjennomført i form av skriftleg eksamen.

Naturfag 1 (1-7)
Navn: 
Naturfag 1 (1-7)
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Ingen.

Krav om skikkavurdering og autorisasjon

Ingen.

Praksis

Studiet inneheld ikkje organisert praksis, men ein forutset at studenten ser studiet i sammanheng med eigen arbeidssituasjon. Arbeidskrav vil bli knytta til eigen undervisning eller observasjon av andre si undervisning i grunnskulen.

Internasjonalisering

Ingen.

Kostnader

Ingen.

Anna
Studiet kan gjennomførast på to semester (deltid). Undervisninga blir ikkje sett i gang dersom færre enn 5 studentar melder seg til emna som inngår i studieplanen.
Ansvarleg
Carlos Magnusson, tlf. 70 07 53 85, e-post carlos.magnusson@hivolda.no