Naturfag 1, 1.-7. trinn (nett- og samlingsbasert)
Studiet er eit videreutdanningstilbod til lærarar som har lite eller ikkje noko naturfag i si tidlegare utdanning. Innhaldet i studiet tilsvarar Naturfag 1 i grunnskulelærerutdanninga for 1.-7. steg. Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å kunne planlegge, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i naturfag for elevar i grunnskulen. Studenten skal få kompetanse til å undervise naturfag i dagens skule, samstundes som studenten skal kunne vere med å utvikle og forme naturfaget i framtida.
For å oppnå godkjent naturfagutdanning (30 studiepoeng) for undervisning i grunnskulen blir det krevd at emnet NF101B er bestått i tillegg til NF102B.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten:
- skal ha grunnleggande kunnskapar på fagområda biologi, fysikk, geofag og kjemi, tilstrekkeleg for å undervise på 1.-7. steg i grunnskulen
- skal ha kunnskap i naturfagdidaktiske tema som er relevante for fagstoffet og undervisning i skulen
- skal ha kjennskap til naturfagdidaktisk forsking som er relevant både for utvikling av eigen undervisingspraksis og for elevar si læring
Studenten:
- skal kunne planlegge, gjennomføre og vurdere naturfagundervisning for elevar på 1.-7. steg
- skal ha gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i faget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hjå elevane
- skal kunne knytte kunnskap i naturfagdidaktiske tema til eigen undervisning i faget
Studenten:
- skal øve opp evnen til kritisk tenking på område i samfunnet der naturvitenskap er relevant
- skal øve opp evnen til refleksjon angåande elevar sitt forhold til naturfag og naturvitenskap i og utanfor skulen
- skal vise evne til å samarbeide med andre om å gjennomføre og utvikle naturfagundervisning
Studiet er sett saman av dei to emna NF101B (haust) og NF102B (vår), kvart på 15 studiepoeng. Hovuddelen av teoriundervisninga blir gitt via internett. Det er obligatorisk frammøte til all praktisk undervisning, som omfattar to samlingar pr. semester á 3 dagar, sjå Forskrift om studium og eksamen § 4-6. I studiet inngår arbeidskrav som må vera godkjent for å gå opp til eksamen.
Emne | 2023 Haust | 2024 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |