See list of study plans starting on:

Engelsk årsstudium, deltid, oppstart vår

Studieprogram: 
Engelsk - årsstudium (deltid)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
4 semester
Kull: 
2021
Studietype: 
Årsstudium
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Om studiet

Engelsk er i dag det viktigaste språket i verda. Det er morsmål for om lag 400 millionar menneske og eit viktig andrespråk for mange fleire. Engelsk årsstudium gir ei grunnleggande innføring i engelskfaget sine akademiske disiplinar: språk, litteratur og kulturkunnskap. Studiet kvalifiserer for vidare studium i engelsk på fordjupingsnivå, og kan utgjere ein del av ein bachelorgrad, t.d. bachelorgraden in språk og litteratur ved HVO. Studiet kan også nyttast som eit første steg mot ein mastergrad i engelsk. Studiet kvalifiserer også, i kombinasjon med PPU (praktisk pedagogisk utdanning), til arbeid som engelsklærar i skulen. Frå hausten 2019 krevst det mastergrad som inneheld minst eitt skulefag for å bli tatt opp til PPU.

Læringsutbytte

 I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Etter fullført studium har studenten kunnskap om:

- vokabular, struktur og funksjon i engelsk språk

- kultur, samfunn og litteratur i nokre land der engelsk er hovudspråk

- normer for akademisk tekstproduksjon og ansvarleg kjeldebruk

- stilnivå og kulturelle konvensjonar for å tilpasse språkbruken til ulike situasjonar

Ferdigheiter

Etter fullført studium kan studenten:

- identifisere og analysere språkstrukturar i engelsk

- analysere eldre og nyare engelskspråkleg litteratur (hovudsakleg frå britisk og amerikansk område)

- tolke kulturelle og samfunnsmessige fenomen og tekstar frå engelskspråklege land

- bruke engelsk sikkert og funksjonelt, skriftleg og munnleg.

Generell kompetanse

Studenten kan nytte fagstoffet til å skaffe seg større innsikt på dei ulike områda innanfor faget, og kommunisere på engelsk i ulike samanhengar.

Organisering og arbeidsmåtar

Studiet består av fire emne à 15 studiepoeng.  Det er obligatorisk oppmøte til undervisninga. Studiet omfattar eit obligatorisk 2-vekes studieopphald ved Det norske studiesenteret i Storbritannia, York. Studentar som ikkje kan oppfylle dette kravet kan søkje om fritak. Studentar som får fritak vil kunne måtte utføre eit alternativt arbeidskrav med innhald relatert til studieopphaldet i York.

Engelsk årsstudium, deltid (oppstart vår)
Navn: 
Engelsk årsstudium, deltid (oppstart vår)
Ansvarleg
Svenn-Arve Myklebost