Engelsk årsstudium, deltid (oppstart vår)
Engelsk er i dag det viktigaste språket i verda. Det er morsmål for om lag 400 millionar menneske og eit viktig andrespråk for mange fleire. Engelsk årsstudium gir ei grunnleggande innføring i engelskfaget sine akademiske disiplinar: språk, litteratur og kultur. I språkemna vil studentane tileigne seg god forståing av grammatikk, leksikologi, fonetikk og variantar av engelsk, og dei vil lære å bruke denne kunnskapen, skriftleg og munnleg, i ulike situasjonar. Studentane får utvikle språkkunnskapane sine vidare i litteratur- og kulturemna. Gjennom møte med ulike tekstar, både munnlege og skriftlege, får studentane utvide det engelske vokabularet sitt og tileigne seg den kulturelle kunnskapen dei treng for å bruke språket korrekt i ulike kontekstar. Dei vil i tillegg få kunnskapen og ferdigheitene dei treng får å forstå den historiske utviklinga av litteraturen, kulturen og samfunnet i den engelskspråklege verda fram til i dag.
Programmet kvalifiserer for vidare studium og kan nyttast i eit mangfald av karrierar. Etter fullført studium, kan studentane gå vidare til eit bachelorprogram og deretter eit masterprogram, som til dømes bachelorgraden i språk og litteratur og mastergraden i skriftkulturar ved Høgskulen i Volda. For studentar som allereie har ein mastergrad, vil årsstudiet kvalifisere til arbeid som engelsklærar i skulen, i kombinasjon med PPU (praktisk-pedagogisk utdanning). Studiet vil også førebu studentane til arbeid som krev gode kunnskapar i skriftleg og munnleg engelsk, gode kommunikasjonsferdigheiter, kunnskap om litteratur og kultur, kritisk tenking, og evne til å analysere og presentere kompleks informasjon. Slike ferdigheiter er sentrale innan til dømes omsetjing, museums- og bibliotekarbeid, anna kulturarbeid, og journalistikk. Nokre av arbeidskrava på programmet vil vere relevante for arbeidslivet.
Ein rår til at studentar som vel å ta årsstudiet i engelsk allereie har gode skriftlege og munnlege engelskferdigheiter, og dei må vere budde på å lese eit stort utval eldre og moderne tekstar. Det er lagt opp til obligatorisk undervisning kvar veke.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Etter fullført program har studenten kunnskap om:
- engelsk grammatikk, leksikologi, fonetikk og ulike skriftlege og munnlege variantar
- strukturarar og funksjonar i det engelsk språket
- kultur, litteratur og samfunn i den engelskspråklege verda
- akademisk skriving og kjeldebruk
- den stilistiske og kulturelle konvensjonane som påverkar språkbruk i ulike situasjonar
- digitale ressursar som er relevante for engelsk språk, litteratur, kultur og samfunn
Etter fullført program kan studenten:
- identifisere og analysere språkstrukturar i engelsk knytt til grammatikk, leksikologi, fonetikk og variantar
- analysere og diskutere litteraturen, kulturen og samfunnet i den engelskspråklege verda
- bruke engelsk på ein korrekt og kommunikativ måte, både i skrift og tale
- bruke digitale ressursar som er relevante for engelsk språk, litteratur, kultur og samfunn
Etter fullført program kan studenten:
- halde fram med å utvikle kunnskapane sine om engelsk språk, litteratur, kultur og samfunn, anten gjennom vidare studium eller andre situasjonar
- bruke kunnskapane sine om engelsk språk, litteratur, kultur og samfunn, både i arbeid og fritid
Programmet består av eitt emne på 15 studiepoeng kvart semester, anten i språk eller i litteratur, kultur og samfunn. Studentane kan starte på programmet anten i haustsemesteret eller i vårsemesteret. Det vert lagt opp til klasseromsundervisning, gruppearbeid og sjølvstudium kvar veke. Det er krav om obligatorisk oppmøte på kvart av emna. For å kunne gå opp til eksamen, må studentane møte til og delta aktivt på minimum 75 % av all timeplanlagt undervisning. Dei må også levere og få godkjent dei obligatoriske arbeidskrava på kvart av emna.
Emne | 2023 Vår | 2023 Haust | 2024 Vår | 2024 Haust |
---|---|---|---|---|
15 | ||||
15 | ||||
15 | ||||
15 | ||||
Sum (60 total) | 15 | 15 | 15 | 15 |
Det er ikkje praksis i dette studiet.
Det er lagt opp til eit obligatorisk to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i York, knytt til emnet ENG144 Litteratur, kultur og samfunn før 1900 i det eine vårsemesteret. Studentar som ikkje har høve til å delta på turen, må formelt søkje om fritak. Dei vil i staden måtte utføre eit alternativt arbeidskrav der tema og type oppgåve blir bestemt av emneansvarleg.