Semestre

ENG141 Grammatikk og leksikologi

Emnekode: 
ENG141
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Haust
Eksamenssemester: 
2022 Haust
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet gir ei grunnleggande innføring i engelsk grammatikk og leksikologi, med hovudvekt på syntaks, morfologi, og vokabular. Studentane lærer å analysere og anvende engelsk språk med hjelp av sentral, grammatisk terminologi. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten kunnskap om:

  • engelsk morfologi, med særleg vekt på verb- og substantivsystem
  • engelsk syntaks
  • tilhøvet mellom form og meining i engelsk grammatikk
  • sentrale omgrep innanfor leksikologi, etymologi og orddanning i det engelsk språket
  • engelske ordbøker og andre relevante digitale språklæringsressursar
Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten:

  • identifisere og analysere språkelement på ulike nivå i engelsk
  • reflektere over effekten av ulike grammatiske strukturar
  • vere i stand til å bruke kunnskapen sin om engelsk grammatikk til å forbetre eigen språkbruk
  • analysere og diskutere bruken av ord i engelsk, og korleis dei relaterer til tyding og stilnivå
  • bruke engelske ordbøker og andre relevante digitale språklæringsressursar
Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten:

  • skrive god akademisk engelsk
  • bruke grammatisk korrekt engelsk i praktiske situasjonar
  • bruke språklege kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig, reflekterande og kritisk måte
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det vert lagt opp til undervisning kvar veke. Den skjer i form av førelesingar, øvingar, par/gruppearbeid og individuelt arbeid. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å kunne gå opp til eksamen må studenten:

  1. Delta på minimum 75% av all timeplanlagt undervisning, jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Studentane må delta aktivt i munnlege oppgåver og diskusjonar.
  2. Levere og få godkjent to skriftlege arbeidskrav innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart. Lengda på desse arbeidskrava er avhengig av kva type oppgåver som blir fastsett av emneansvarleg. Ein student som får underkjent eit arbeidskrav får normalt eitt nytt forsøk på å fullføre dette (vanlegvis to arbeidsdagar). 
Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Vibeke Jensen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Engelsk - årsstudium
  • Engelsk - årsstudium (deltid)
  • Historie - bachelor
  • Språk og litteratur - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Godkjent av: 
Arne Myklebust