Engelsk fordjupingsstudium, oppstart vår
Engelsk fordjupingsstudium gir høve til konsentrasjon om eitt eller få avgrensa område innanfor engelskfaget. Det blir tilbode undervising innanfor eit utval språklege og litterære emne. Studiet kan utgjere fordjupingskomponenten i ulike bachelorgrader, t.d. bachelorgrad i språk og litteratur ved HVO, og kan nyttast som grunnlag for masterstudium ved universitet eller høgskular. Studiet gir også relevant kompetanse for engelsklærarar i skulen, saman med lærarutdanning eller PPU. Opptak til PPU krev at kandidaten har fullført ein mastergrad.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført studium har studenten kunnskap om:
- eitt eller to utvalde fagfelt innanfor engelsk språk og/eller litteratur.
- viktige teoriar og problemstillingar innanfor fagfeltet.
Etter fullført studium skal studenten vere i stand til å:
- tolke språklege/litterære uttrykk på ein kritisk måte og sette dei inn i ein teoretisk samanheng
- gi ein akademisk, munnleg presentasjon av fagstoff på engelsk
- skrive sjølvstendige, faglege tekstar på engelsk
- drøfte teoretiske tilnærmingar til språk og/eller litteratur
Studenten kan gå i djupna på eit fagfelt og tileigne seg ny kunnskap på ein sjølvstendig måte.
Studiet er bygd opp av to fordjupningsemne, kvart på 15 stp. Som del av bachelorgrad består fordjupningsstudiet av eitt undervist emne i språk (ENG207 Engelsk ordkunnskap og ordlæring + eit nytt emne som er under utvikling) eller litteratur (ENG203 Adaptasjon og omsetting eller ENG206 Komedie), kombinert med eitt oppgåveemne (ENG211 Bacheloroppgåve språk eller ENG213 Bacheloroppgåve litteratur). Studentar som ikkje vil bruke oppgåveemnet inn i ein bachelorgrad, kan om dei ynskjer kombinere to underviste emne.
Det blir undervist i eitt emne på 15 studiepoeng kvart semester, språklege emne om hausten og litterære om våren.
Oppgåvemnet bygger på eit undervist emne. Studentar kan ta begge same semester, eller dei kan ta oppgåvemnet etter det underviste emnet. Vår generelle tilråding er at studentar fullfører det underviste emnet før dei tar til på oppgåveemnet.
Underviste emne vert som regel tilbydd annakvart år. Bacheloroppgåver kan skrivast i alle semester.
Emne | 2022 Vår | 2022 Haust |
---|---|---|
Vel eitt fordupingsemne saman med eit bacheloroppgåveemne. Våren 2021 vert ENG 203 tilbydd og hausten 2021 vert ENG207 tilbydd. | 30 | 30 |
15 | ||
15 | ||
15 | 15 | |
15 | 15 | |
Sum (60 total) | 30 | 30 |
None