See list of study plans starting on:

Andrespråkspedagogikk 1.-10. trinn, Kompetanse for kvalitet

Studieprogram: 
Andrespråkspedagogikk 1.-10. trinn, Kompetanse for kvalitet
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2022
Studieplassar: 
35
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning, minimum 30 studiepoeng norsk og være tilsett i ei lærarstilling. 

Om studiet

Andrespråkspedagogikk gir teoretisk og didaktisk grunnlag for å handtere utfordringar og moglegheiter som den fleirkulturelle og fleirspråklege skulen gir. Studiet gir lærarar på 1.-10. trinn kompetanse for utvikling av undervisning for fleirspråklege elevar som held på å lære norsk.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • norsk i eit andrespråksperspektiv, om andrespråkslæring og andrespråksundervisning 
  • samanhengar mellom kultur, språk, identitet og læring i fleirspråklege og fleirkulturelle klasserom
  • fleirspråklegheit og korleis ein kan utvikle språkleg og kulturelt mangfald
  • korleis ein kan utvikle ein fleirkulturell, antirasistisk skule
Ferdigheiter

Studenten kan:

  • arbeide med å utvikle eit læringsmiljø som tek utgangspunkt i språkleg og kulturelt mangfald som ein ressurs
  • planleggje, gjennomføre og vurdere tilpassa opplæring for fleirspråklege elevar
  • gjennomføre norskopplæring for elevar som held på å lære norsk
Generell kompetanse

Studenten kan:

  • gjennomføre og har engasjement for utvikling av eit inkluderande læringsmiljø i den fleirspråklege og fleirkulturelle skulen
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er organisert i to emne på 15 studiepoeng kvar og med avsluttande eksamen etter kvart emne. Emne 1 er lagt til haustsemesteret og avsluttar med ein todagars heimeeksamen. Emne 2 er lagt til vårsemesteret og har munnleg eksamen som vurderingsform. Bestått eksamen i emne 1 er ein føresetnad for å kunne fortsette på emne 2. Kvart av dei to emna har tre samlingar som går over to heile dagar. Samlingane er obligatoriske med krav om 80 prosent frammøte, jf. § 4-6 i Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Studiet blir drifta på læringsplattforma Canvas, og studentane må difor disponere datamaskin med nettilgang.

Andrespråkspedagogikk 1, -10 trinn, Kompetanse for kvalitet
Navn: 
Andrespråkspedagogikk 1, -10 trinn, Kompetanse for kvalitet
Ansvarleg
Birgitte Fondevik, birgitte.fondevik@hivolda.no