Andrespråkspedagogikk 1.-10. trinn, Kompetanse for kvalitet
Andrespråkspedagogikk gir teoretisk og didaktisk grunnlag for å handtere utfordringar og moglegheiter som den fleirkulturelle og fleirspråklege skulen gir. Studiet gir lærarar på 1.-10. trinn kompetanse for utvikling av undervisning for fleirspråklege elevar som held på å lære norsk.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram
Studenten har kunnskap om:
- norsk i eit andrespråksperspektiv, om andrespråkslæring og andrespråksundervisning
- samanhengar mellom kultur, språk, identitet og læring i fleirspråklege og fleirkulturelle klasserom
- fleirspråklegheit og korleis ein kan utvikle språkleg og kulturelt mangfald
- korleis ein kan utvikle ein fleirkulturell, antirasistisk skule
Studenten kan:
- arbeide med å utvikle eit læringsmiljø som tek utgangspunkt i språkleg og kulturelt mangfald som ein ressurs
- planleggje, gjennomføre og vurdere tilpassa opplæring for fleirspråklege elevar
- gjennomføre norskopplæring for elevar som held på å lære norsk
Studenten kan:
- gjennomføre og har engasjement for utvikling av eit inkluderande læringsmiljø i den fleirspråklege og fleirkulturelle skulen
Studiet er organisert i to emne på 15 studiepoeng kvar og med avsluttande eksamen etter kvart emne. Emne 1 er lagt til haustsemesteret og avsluttar med ein todagars heimeeksamen. Emne 2 er lagt til vårsemesteret og har munnleg eksamen som vurderingsform. Bestått eksamen i emne 1 er ein føresetnad for å kunne fortsette på emne 2. Kvart av dei to emna har tre samlingar som går over to heile dagar. Samlingane er obligatoriske med krav om 80 prosent frammøte, jf. § 4-6 i Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Studiet blir drifta på læringsplattforma Canvas, og studentane må difor disponere datamaskin med nettilgang.
Course | 2022 Autumn | 2023 Spring |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |