Engelsk 1 for 5.–10. trinn - Kompetanse for kvalitet
Engelsk 1 for 5.–10. årssteg, Kompetanse for kvalitet, gir ferdig utdanna lærarar ei innføring i engelsk språk, fagdidaktikk og litteratur/kultur som kvalifiserer til undervisning i faget på mellom- og ungdomssteget. Studiet omfattar kunnskap om grammatiske og fonologiske strukturar i det engelsk språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Studiet tek for seg moderne kulturuttrykk og samfunnsmessige trekk frå den engelskspråklege verda, samt populærkultur som film, musikk og liknande. Kunnskap om og trening i å lese og bruke litterære tekstar for unge står sentralt i studiet. Det blir lagt vekt på engelskundervisning for 5.–10. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. Studentane vil få innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten
- har kunnskap om engelsk språksystem når det gjeld grammatikk, ordforråd og uttale, og skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk språksystem
- har kunnskap om sjangrar og sjangerkrav på engelsk, skriftleg og munnleg
- har kunnskap om korleis barn og unge lærer andrespråk/framandspråk og korleis ein kan fremje slik læring
- har kunnskap om dei krav samfunnet stiller til undervisning i andrespråk/framandspråk
- har kunnskap om utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene innan engelskfaget
- kjenner hovudtrekk ved kultur og samfunn i engelsktalande land
- kjenner eit utval litterære tekstar til både personleg vekst og undervisningsbruk
Studenten kan
- bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar og på ulike stilnivå
- analysere og diskutere engelskspråkleg litteratur, kultur og samfunn i eit globalt perspektiv på ein kritisk måte
- bruke kunnskapen sin om engelsk språk, litteratur og kultur, didaktikk og profesjonsfagleg digital kompetanse til å legge til rette for god språklæring og læring om andre kulturar
Studenten kan
- formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
- reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
- arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevane si utvikling i engelskfaget
- forhalde seg til kjelder etisk og kritisk
Studiet er sett saman av to emne på 15 studiepoeng kvar, begge med avsluttande eksamen. Emne 1A er lagt til haustsemesteret, og emne 1B er lagt til vårsemesteret.Sjå emnetabellar for meir informasjon om studieløpet.
Studiet er nett- og samlingsbasert, undervisninga blir gitt i form av nettforelesingar, innlevering av arbeidskrav, seminardiskusjonar på nett, to 2-dagarssamlingar i Volda kvart semester og ei vekessamling i York. Samlingane har obligatorisk oppmøte. Studentar som ikkje kan delta på samlinga i York, kan kompensere for dette med ei ekstra innlevering. Nettundervising vert gitt i læringsportalen Canvas, og det kan i tillegg kome tilbod om nokre frivillige videomøte.
For å gå opp til eksamen må alle arbeidskrav knytte til emna vere oppfylte. Nokre av arbeidskrava kan fordre at deltakaren arbeider i grunnskulen, eller at ein eventuelt etablerer eit samarbeid med ein skule der ein kan prøve ut undervisningsopplegg på ulike klassetrinn. Eitt arbeidskrav vil også kreve at ein dokumenterer kunnskapsdeling med kollegaer.
Emne | 2023 Haust | 2024 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Studenten må ha tilgang til raskt og stabilt internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med mikrofon, eventuelt frittståande mikrofon med USB-plugg.
Då opptak på studiet føreset fullført lærarutdanning, er det ikkje krav til praksis i studiet.
Ei vekessamling ved Det norske studiesenteret i York inngår i studiet (sjå merknad over). HVO dekkjer overnatting og kursavgift på denne samlinga, men ikkje reiseutgifter.