See list of study plans starting on:

Engelsk årsstudium, nettbasert, deltid (opptak vår)

Studieprogram: 
Engelsk - årsstudium (nettstudium, deltid)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
4 semester
Kull: 
2023
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse med minimum karakteren 4 i fellesfag engelsk frå vidaregåande skule (eller tilsvarande).

Om studiet

Engelsk er i dag det viktigaste språket i verda. Det er morsmål for om lag 400 millionar menneske og eit viktig andrespråk for mange fleire. Engelsk nettstudium gir ei grunnleggande innføring i engelskfaget sine akademiske disiplinar: språk, litteratur og kultur. I språkemna vil studentane tileigne seg god forståing av grammatikk, leksikologi, fonetikk og variantar av engelsk, og dei vil lære å bruke denne kunnskapen, skriftleg og munnleg, i ulike situasjonar. Studentane får utvikle språkkunnskapane sine vidare i litteratur- og kulturemna. Gjennom møte med ulike tekstar, både munnlege og skriftlege, får studentane utvide det engelske vokabularet sitt og tileigne seg den kulturelle kunnskapen dei treng for å bruke språket korrekt i ulike kontekstar. Dei vil i tillegg få kunnskapen og ferdigheitene dei treng får å forstå den historiske utviklinga av litteraturen, kulturen og samfunnet i den engelskspråklege verda fram til i dag.

Programmet kvalifiserer for vidare studium og kan nyttast i eit mangfald av karrierar. Etter fullført studium, kan studentane gå vidare til eit bachelorprogram og deretter eit masterprogram, som til dømes bachelorgraden i språk og litteratur og mastergraden i skriftkulturar ved Høgskulen i Volda. For studentar som allereie har ein mastergrad, vil årsstudiet kvalifisere til arbeid som engelsklærar i skulen, i kombinasjon med PPU (praktisk-pedagogisk utdanning). Studiet vil også førebu studentane til arbeid som krev gode kunnskapar i skriftleg og munnleg engelsk, gode kommunikasjonsferdigheiter, kunnskap om litteratur og kultur, kritisk tenking, og evne til å analysere og presentere kompleks informasjon. Slike ferdigheiter er sentrale innan til dømes omsetjing, museums- og bibliotekarbeid, anna kulturarbeid, og journalistikk. Nokre av arbeidskrava på programmet vil vere relevante for arbeidslivet.

Ein rår til at studentar som vel å ta nettstudiet i engelsk allereie har gode skriftlege og munnlege engelskferdigheiter, og dei må vere budde på å lese eit stort utval eldre og moderne tekstar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Etter fullført program har studenten kunnskap om:

  • engelsk grammatikk, leksikologi, fonetikk og ulike skriftlege og munnlege variantar
  • strukturarar og funksjonar i det engelsk språket
  • kultur, litteratur og samfunn i den engelskspråklege verda
  • akademisk skriving og kjeldebruk
  • den stilistiske og kulturelle konvensjonane som påverkar språkbruk i ulilke situasjonar
  • digitale ressursar som er relevante for engelsk språk, litteratur, kultur og samfunn

 

Ferdigheiter

Etter fullført program kan studenten:

  • identifisere og analysere språkstrukturar i engelsk knytt til grammatikk, leksikologi, fonetikk og variantar
  • analysere og diskutere litteraturen, kulturen og samfunnet i den engelskspråklege verda
  • bruke engelsk på ein korrekt og kommunikativ måte, både i skrift og tale
  • bruke digitale ressursar som er relevante for engelsk språk, litteratur, kultur og samfunn
Generell kompetanse

Etter fullført program kan studenten:

  • halde fram med å utvikle kunnskapane sine om engelsk språk, litteratur, kultur og samfunn, anten gjennom vidare studium eller andre situasjonar
  • bruke kunnskapane sine om engelsk språk, litteratur, kultur og samfunn, både i arbeid og fritid
Organisering og arbeidsmåtar

Programmet består av eitt emne på 15 studiepoeng kvart semester, anten i språk eller i litteratur, kultur og samfunn. Studentane kan starte på programmet anten i haustsemesteret eller i vårsemesteret. 

Undervisninga går føre seg på nett, på læringsplattforma Canvas. Leksjonane vert lagt ut ein til to gongar i veka og studenten kan studere dei ved høve. Kvar leksjon tek føre seg eit spesifikt tema og kombinerer tekst, bilete, lyd og video, samt diskusjonsforum. Det vert også lagt opp til nokre liveseminar. 

For å kunne gå opp til eksamen, må studenten levere og få godkjent dei obligatoriske arbeidskrava på kvart av emna.

Engelsk årsstudium, nettbasert, deltid (oppstart vår)
Navn: 
Engelsk årsstudium, nettbasert, deltid (oppstart vår)
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Studenten må ha tilgong til godt tekninsk utstyr, inkludert datamikrofon og web-kamera. 

Praksis

Det er ikkje praksis i dette studiet.

Internasjonalisering

Det er høve til å delta i det campusbaserte årsstudiet sitt to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i York, dette med atterhald om ledige plassar. Studieopphaldet er knytt til emnet ENG144N Litteratur, kultur og samfunn før 1900 i det eine vårsemesteret.Ta kontakt med programansvarleg innan utgangen av november om dette er av interesse.

 

Ansvarleg
Timothy Saunders