Engelsk årsstudium, nettbasert,deltid, opptak vår
Engelsk er i dag det viktigaste språket i verda. Det er morsmål for om lag 400 millionar menneske og eit viktig andrespråk for mange fleire. Engelsk nettstudium gir ei grunnleggande innføring i engelskfaget sine akademiske disiplinar: språk, litteratur og kulturkunnskap. Studiet kvalifiserer for vidare studium i engelsk på 200-nivå (fordjuping). Studiet kan også nyttast som eit første steg mot ein mastergrad i engelsk. Studiet kvalifiserer også, i kombinasjon med PPU (praktisk pedagogisk utdanning), til arbeid som engelsklærar i skulen. Opptak til PPU basert på teorifag krev mastergrad frå hausten 2019. Studiet bir også tilbode som heiltidsstudium: sjå studieplan for dette. Studentar kan velje om dei vil ta til på studiet i haustsemesteret eller i vårsemesteret: haustsemesteret er likevel i det heile tirådd. Studentar som vel å begynne på hausten bør på våren halde fram med det andre emnet i same disiplin (slik at ENG141N på hausten bør følgjast av ENG143N på våren, ENG142N på hausten av ENG144N på våren). Studentar som tek til på våren, bør begynne med ENG143N, og så vidare studere litteratur/kultur-einingane (ENG142N og ENG144N) før dei tar den siste språkeininga ENG141N i fjerde semester.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Etter fullført studium har studenten kunnskap om:
- vokabular, struktur og funksjon i engelsk språk
- kultur, samfunn og litteratur i nokre land der engelsk er hovudspråk
- normer for akademisk tekstproduksjon og ansvarleg kjeldebruk
Etter fullført studium kan studenten:
- identifisere og analysere språkstrukturar i engelsk
- analysere eldre og nyare engelskspråkleg litteratur (hovudsakleg frå britisk og amerikansk område)
- tolke kulturelle og samfunnsmessige fenomen og tekstar frå engelskspråklege land
Studenten kan nytte fagstoffet til å skaffe seg større innsikt på dei ulike områda innanfor faget, og kommunisere på engelsk i ulike samanhengar.
Studiet består av fire emne à 15 studiepoeng. Det vert undervist i to emne i haustsemesteret og to emne i vårsemesteret.Studiet kan takast på heiltid eller deltid, med oppstart haust eller vår - sjå eigne planar for heiltidsstudiet.
Studiet tilsvarar i faginnhald engelsk årsstudium, som vert tilbode med ordinær undervisning i Volda.
Emne | 2021 Vår | 2021 Haust | 2022 Vår | 2022 Haust |
---|---|---|---|---|
15 | ||||
15 | ||||
15 | ||||
15 | ||||
Sum (60 total) | 15 | 15 | 15 | 15 |
.
Det er ikkje praksis i dette studiet.
Det er høve til å delta i det ordinære studiet sitt to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i Storbritannia, York; dette med atterhald om ledige plassar i York i det aktuelle tidsromet. Ta kontakt med emneansvarleg for ENG142N så snart som mogleg om dette er av interesse.