Friluftsliv og naturguide - bachelor
Det 3-årige studiet i friluftsliv og naturguide vil gje deg kompetanse til å forstå og utøve profesjonsrolla som friluftslivsvegleder og naturguide. Studieprogrammet skal gi personleg og fagleg utvikling både teoretisk og praktisk og er bygd på allsidige aktivitetar i naturen.
Det første studieåret gir grunnleggjande innføring i friluftsliv og vegledning i friluftsliv i ulike aktivitetar i ulike naturtypar og landskap. Hovudvekta er lagt på å bygge solide basisferdigheiter og gir praktiske ferdigheiter, kunnskapar, holdningar og erfaringar knytt til å ha ansvar for grupper på tur.
Det andre studieåret har naturguiding som fokus. Dette året får studentane solide og omfattande ferdigheiter som guide for å kunne arbeide i ein reiselivssamanheng med fokus på å gje gjestar på tur ei trygg og god oppleving. Emnene på 3. semester tilbys engelsk. Det ligg også eit metodeemne i vårsemesteret som skal førebu studenten på å skrive bacheloroppgåve i 6. semester
Det tredje året i bacheloren har fokus på helsefremjande arbeid og Ex Phil i haustemesteret. Dette semesteret kan ein og vere med på utveksling. I vårsemesteret ligg det emna motivasjonspsykologi og bacheloroppgåve. Vårsemesteret er obligatorisk.
Bachelor i friluftsliv og naturguide har 180 studiepoeng i faget, med inntil 110 stp på fordjupingsnivå. Det første og andre året i bacheloren består av obligatoriske emne. Det er moglegheit for internasjonal utveksling i 5. semester. Les meir under "Internasjonalisering".
Med bachelor i friluftsliv og naturguide er kandidaten kvalifisert til arbeid med friluftsliv og naturguiding i det offentlege, i frivillige organisasjonar, i det private næringsliv og for å kunne studere vidare på masterstudium. Etter tre studieår står studenten med ein brei bakgrunn for å kunne arbeide med opplæring, guiding og helsefremjande arbeid med ulike målgrupper i naturen.
Studiets innhold og læringsutbytte er harmonisert etter Norsk Naturguideforbund sin profesjonsstandard, og etter den internasjonale standarden til Union of International Mountain Leader Associations (UIMLA). Etter endt utdanning i Bachelor Friluftsliv og Naturguide fra HVO, og etter fullført yrkespraksis, kan studenter som er interessert i disse godkjenningene søke godkjenning som sertifisert norsk naturguide. Som sertifisert norsk naturguide kan studenten søke videre til godkjenning som International Mountain Leader (IML) ved å dokumentere erfaring og bestått eksterne vurderingssamlinger arrangert av Norsk Naturguideforbund.
NNGF og UIMLA godkjenningene er frivillige og ikke en del av bachelorutdanningen. Søkere dekker ev kostnader knyttet til godkjenningene selv.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram.
Kandidaten
- kan gjere greie for og drøfte fagfeltet si historie, tradisjon, eigenart og samfunnsrelevans
- forstår eit breitt spekter av sentrale tema, teoriar, problemstillingar, endringsprosessar, analyseverkty og metodar innafor friluftslivsfaglege kompetanseområde
- kan gjere greie for naturbasert reiseliv og forstår både oppgåva og ansvaret i naturguiding som profesjon
- kan forklare bruk av friluftsliv som helsefremjande aktivitet
- Kan forklare motivasjonsprosessar
- kan identifisere vitskapsteoretiske og metodiske føresetnader for forskingsbidrag innan fagfeltet
Kandidaten
- kan planleggje, gjennomføre og evaluere friluftsliv over fleire dagar for mange ulike målgrupper
- har eigenferdigheit og kan utøve trygg ferdsel både for seg sjølv og andre som ein har ansvar for
- kan rettleie andre og drive opplæring for andre i friluftsliv
- kan guide grupper i ulike former for natur.
- kan bruke digitale verktøy og arbeidsmetoder i faget, faglege analyseverktøy, teknikkar og uttrykksformer
Kandidaten
- har særskild god kunnskap om fjell- og kystlandskap på Sunnmøre og ei aktiv tilnærming til å bli kjent med nye landskap
- utøver kritisk og sjølvstendig tenking og refleksjon over eigen praksis
- kan reflektere over relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
- kan presentere problemstillingar, synspunkt og løysningar, både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
- kan formidle og drøfte sentralt fagstoff
- er kjend med nytenking og innovasjonsprosessar
Bachelorgraden på 180 studiepoeng er fordelt over tre år med 60 studiepoeng per år. Arbeidsmengda skal vere omlag 1.800 arbeidstimar per 60 studiepoeng.
Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking og medansvar. Teori og praksis vil følgje kvarandre gjennom turar og aktivitetar i ulike naturtypar og til alle årstider. Arbeidsmåten og organiseringa er tilrettelagt gjennom lærarstyret aktivitetar inne og ute, førelesingar, nettbasert læringsarbeid, sjølvstendig studentarbeid, eigenstudie, gruppearbeid, studentseminar og eigenferder. Fleire av dei praktiske undervisningsdelane blir gjennomført som turar over fleire døgn. Ferdigheitsprøver kan bli lagt inn
Emne | 2023 Haust | 2024 Vår | 2024 Haust | 2025 Vår | 2025 Haust | 2026 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske emner | ||||||
30 | ||||||
30 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Valemne | 30 | |||||
10 | ||||||
20 | ||||||
Internasjonalisering | 30 | |||||
Obligatoriske emner | ||||||
15 | ||||||
Studentane vel anten IKF209 eller IKF210 | 15 | |||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Studenten må vere fysisk og mentalt skikka til å ta vare på seg sjølv i variert natur. Studenten må vere utstyrsmessig utrusta til å gjennomføre undervisningsopplegga med overskot. Studenten må vere symjedyktig og kunne ferdast til fots i ulendt terreng og på ski med full oppakning under varierte forhold. Under samlingane vil ein bu i telt eller ulike former for bivouak.
Studiet har praksis og det skal leverast politiattest.
Første året er det både observasjonspraksis og rettleiarpraksis. Andre året er det praksis knytt til naturguiding. Tredje året er det praksis med helsefremjande arbeid knytt til utviklingsarbeid.
Det er mogleg å reise på utveksling i 5. semester til ein av våre samarbeidande institusjonar i Australia, Canada og Tsjekkia. Ta kontakt med studieprogramleiar for meir informasjon.
Materialavgift. Kr. 400 pr. semester.