Friluftsliv og naturguide - bachelor
Det 3-årige studiet i friluftsliv og naturguide vil gje deg kompetanse til å forstå og utøve profesjonsrolla som friluftslivsvegleder og naturguide. Studieprogrammet skal gje personleg og fagleg utvikling, både teoretisk og praktisk, og er bygd på allsidige aktivitetar i naturen.
Det 1. studieåret gir ei grunnleggjande innføring i friluftsliv og vegleiing i ulike aktivitetar i forskjellige naturtypar og landskap. Hovudvekta er lagt på å bygge solide basisferdigheiter, og det blir gjeve praktiske ferdigheiter, kunnskapar, haldningar og erfaringar knytt til å ha ansvar for grupper på tur.
Det 2. studieåret har naturguiding som fokus. Dette året får studentane solide og omfattande ferdigheiter som guide for å kunne arbeide i ein reiselivssamanheng, med fokus på å gje gjestar på tur ei trygg og god oppleving. Emna på 3. semester blir tilbydd på engelsk. Det ligg også eit metodeemne i vårsemesteret som skal førebu studentane på å skrive bacheloroppgåve i 6. semester.
Det 3. året i bacheloren har fokus på helsefremjande arbeid og Ex Phil i haustsemesteret. I dette semesteret kan ein også vere med på utveksling i utlandet. I vårsemesteret ligg emna motivasjonspsykologi og bacheloroppgåve. Vårsemesteret er obligatorisk.
Bachelor i friluftsliv og naturguide har 180 studiepoeng i faget, med inntil 110 studiepoeng på fordjupingsnivå. Det 1. og 2. året i bacheloren består av obligatoriske emne. Det er moglegheit for internasjonal utveksling i 5. semester. Les meir under "Internasjonalisering".
Med bachelor i friluftsliv og naturguide er kandidaten kvalifisert til arbeid med friluftsliv og naturguiding i det offentlege, i frivillige organisasjonar, i det private næringslivet, og for å kunne studere vidare på masterstudium. Studiet kvalifiserer også for opptak til PPU i friluftsliv. Etter tre studieår står studenten med ein brei bakgrunn for å kunne arbeide med opplæring, guiding og helsefremjande arbeid med ulike målgrupper i naturen.
Studiets innhald og læringsutbytte er harmonisert etter Norsk Naturguideforbund sin profesjonsstandard, og etter den internasjonale standarden til Union of International Mountain Leader Associations (UIMLA). Etter endt utdanning i Bachelor Friluftsliv og Naturguide frå HVO, og etter fullført yrkespraksis, kan studentar som er interessert i desse godkjenningane søkje godkjenning som sertifisert norsk naturguide. Som sertifisert norsk naturguide kan studenten søkje vidare til godkjenning som International Mountain Leader (IML) ved å dokumentere erfaring og beståtte eksterne vurderingssamlingar arrangert av Norsk Naturguideforbund.
NNGF og UIMLA-godkjenningane er frivillige og ikkje ein del av bachelorutdanninga. Søkjarar dekker eventuelle kostnader knytt til godkjenningane sjølve.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram.
Kandidaten
- kan gjere greie for og drøfte fagfeltet si historie, tradisjon, eigenart og samfunnsrelevans
- forstår eit breitt spekter av sentrale tema, teoriar, problemstillingar, endringsprosessar, analyseverkty og metodar innafor friluftslivsfaglege kompetanseområde
- kan gjere greie for naturbasert reiseliv og forstår både oppgåva og ansvaret i naturguiding som profesjon
- kan forklare bruk av friluftsliv som helsefremjande aktivitet
- Kan forklare motivasjonsprosessar
- kan identifisere vitskapsteoretiske og metodiske føresetnader for forskingsbidrag innan fagfeltet
Kandidaten
- kan planleggje, gjennomføre og evaluere friluftsliv over fleire dagar for mange ulike målgrupper
- har eigenferdigheit og kan utøve trygg ferdsel både for seg sjølv og andre som ein har ansvar for
- kan rettleie andre og drive opplæring for andre i friluftsliv
- kan guide grupper i ulike former for natur.
- kan bruke digitale verktøy og arbeidsmetoder i faget, faglege analyseverktøy, teknikkar og uttrykksformer
Kandidaten
- har særskild god kunnskap om fjell- og kystlandskap på Sunnmøre og ei aktiv tilnærming til å bli kjent med nye landskap
- utøver kritisk og sjølvstendig tenking og refleksjon over eigen praksis
- kan reflektere over relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
- kan presentere problemstillingar, synspunkt og løysningar, både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
- kan formidle og drøfte sentralt fagstoff
- er kjend med nytenking og innovasjonsprosessar
Bachelorgraden på 180 studiepoeng er fordelt over tre år med 60 studiepoeng per år. Arbeidsmengda skal vere omlag 1.800 arbeidstimar per 60 studiepoeng.
Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev deltaking og medansvar. Teori og praksis vil følgje kvarandre gjennom turar og aktivitetar i ulike naturtypar og til alle årstider. Arbeidsmåten og organiseringa er tilrettelagt gjennom lærarstyret aktivitetar inne og ute, førelesingar, nettbasert læringsarbeid, sjølvstendig studentarbeid, eigenstudie, gruppearbeid, studentseminar og eigenferder. Fleire av dei praktiske undervisningsdelane blir gjennomført som turar over fleire døgn. Enkelte ferdigheitsprøver er lagt inn.
Studieprogresjon
Studiene er bygget opp slik at studentane stegvis bevegar seg mot mer krevande oppgåver. Vi kan dermed arbeide med ”Tur/oppgave etter evne”. Den ”eigenaktiviteten” studentane har i form av praksis og turar skal være innen rammar, område- og aktivitetstype som er gjennomgått i undervisning.
Emne | 2025 Haust | 2026 Vår | 2026 Haust | 2027 Vår | 2027 Haust | 2028 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske emner | ||||||
30 | ||||||
30 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Valemne | 30 | |||||
10 | ||||||
20 | ||||||
Internasjonalisering | 30 | |||||
Obligatoriske emner | ||||||
15 | ||||||
Studentane vel anten IKF209 eller IKF210 | 15 | |||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Studenten må vere fysisk og mentalt skikka til å ta vare på seg sjølv i variert natur. Studenten må vere utstyrsmessig utrusta til å gjennomføre undervisningsopplegga med overskot. Studenten må vere symjedyktig og kunne ferdast til fots i ulendt terreng og på ski med full oppakning under varierte forhold. Under samlingane vil ein bu i telt eller ulike former for bivouak.
Studiet har praksis og det skal leverast politiattest.
Første året er det både observasjonspraksis og rettleiarpraksis. Andre året er det praksis knytt til naturguiding. Tredje året er det praksis med helsefremjande arbeid knytt til utviklingsarbeid.
Det er mogleg å reise på utveksling i 5. semester til ein av våre samarbeidande institusjonar i Australia, Canada og Tsjekkia. Ta kontakt med studieprogramleiar for meir informasjon.
Materialavgift. Kr. 400 pr. semester.