See list of study plans starting on:

Bachelor i friluftsliv og naturguide

Studieprogram: 
Friluftsliv og naturguide - bachelor
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
25
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse. 

Om studiet

Som bachelorstudent i friluftsliv og naturguide vil du vere med på allsidige aktivitetar i Sunnmørsnatur. Studieprogrammet skal gi deg personleg og fagleg utvikling både teoretisk og praktisk.

Bachelor i friluftsliv og naturguide har 180 studiepoeng i faget, med inntil 115 stp på fordypingsnivå. Ei mogleg utveksling ligg i det 5. semesteret. Studentar kan gjennomføre dette semesteret ved våre samarbeidande institusjonar både nasjonalt og internasjonalt. 

Første og andre året i bacheloren består av obligatoriske emne. Første året gir grunnleggjande innføring i friluftsliv og rettleiing i friluftsliv i ulike naturtypar og landskap. Andre året i bacheloren siktar mot Norsk Naturguide sin bransjestandard og gir studenten påbygging innafor friluftslivsleiing.

Det tredje året i bacheloren har eit fokus på helsefremjande arbeid og Ex Phil i haustemesteret og motivasjonspsykologi i vårsemesteret. Bacheloroppgåve er lagt til vårsemesteret. Vårsemesteret er obligatorisk.

Med bachelor i friluftsliv og naturguide er kandidaten kvalifisert til arbeid med friluftsliv og naturguiding i det offentlege, i frivillige organisasjonar, i det private næringsliv og for vidare masterstudium.

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram.

 

Kunnskapar

Kandidaten 

  • kan gjere greie for fagfeltet si historie, tradisjon, eigenart og samfunnsrelevans
  • forstår eit breitt spekter av sentrale tema, teoriar, problemstillingar, endringsprosessar, analyseverkty og metodar innafor friluftslivsfaglege kompetanseområde
  • kan gjere greie for naturbasert reiseliv og forstår både oppgåva og ansvaret i naturguiding som profesjon 
  • kan forklare bruk av friluftsliv som helsefremjande aktivitet
  • Kan forklare motivasjonsprosessar
  • kan identifisere vitskapsteoretiske og metodiske føresetnader for forskingsbidrag innan fagfeltet
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere friluftsliv over fleire dagar for mange ulike målgrupper
  • har eigenferdigheit og reflekterer over eigne muligheiter og begrensningar
  • kan rettleie andre innan friluftsliv
  • kan guide grupper i sunnmørslandskap
  • kan bruke faglege analyseverkty, teknikkar og uttrykksformar
Generell kompetanse

Kandidaten

  • har særskild god kunnskap om fjell- og kystlandskap på Sunnmøre og ei aktiv tilnærming til å bli kjent med nye landskap
  • utøvar kritisk og sjølvstendig tenking og refleksjon over eigen praksis
  • kan reflektere over relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
  • kan presentere problemstillingar, synspunkt og løysningar, både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
  • kan formidla og drøfte sentralt fagstoff
  • er kjend med nytenking og innovasjonsprosessar

 

Organisering og arbeidsmåtar

Teori og praksis vil følgje kvarandre gjennom turar og aktivitetar i ulike naturtypar og til alle årstider. Arbeidsmåte og organisering i studiet er prega av aktivt friluftsliv.

Undervisninga baserer seg på studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudium, aktiv deltaking og medansvar.

Undervisninga vekslar mellom forelesning/plenumdrøftingar, seminar, gruppearbeid og turprega utandørsopphald som kan vare over fleire døgn. Opplevingar, observasjonar og erfaringar ein får ute gir grunnlag for drøfting, refleksjon og anna studiearbeid.

Bachelor i friluftsliv og naturguide
Navn: 
Bachelor i friluftsliv og naturguide
Emne2018 Haust2019 Vår2019 Haust2020 Vår2020 Haust2021 Vår
Obligatoriske emner
30
30
15
15
15
15
Valemne
30
 
10
 
20
 
Internasjonalisering
30
Obligatoriske emner
15
Studentane vel anten IKF209 eller IKF210
15
 
15
 
15
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Studenten må vere fysisk og psykisk skikka til å ta vare på seg sjølv i variert natur. Studenten må vere symjedyktig og kunne ferdast til fots og på ski med full oppakning.

 

Krav om skikkavurdering og autorisasjon

Studiet har praksis og det skal leverast politiattest.

Praksis

Bachelorstudiet har praksis alle tre studieår. Første året er det både observasjonspraksis og rettleiarpraksis. Andre året er det guidepraksis gjennom reiselivet. Tredje året er det praksis med helsefremjande arbeid knytt til utviklingsarbeid. Til saman om lag 22 dagar med praksis.

Internasjonalisering

Det er mogleg å reise på utveksling i 5. semester til ein av våre samarbeidende institusjonar. Ta kontakt med studieprogramleiar for meir informasjon.

Kostnader

Materialavgift. Kr. 400 pr. semester.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg
Helga Synnevåg Løvoll