Sjå liste over studieplanar som starter på:

Spesialpedagogikk 1, 1.-10. trinn - Kompetanse for kvalitet

Program of study: 
Spesialpedagogikk 1.-10. trinn, Kompetanse for kvalitet
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
30
Duration: 
2 semesters
Year: 
2023
Number of students: 
70
Type of study: 
Further education (bachelor's degree level)
Study mode
Part-time
Admission and rating

Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, barnehagelærar, faglærar, PPU eller liknande)

About

Fagområdet spesialpedagogikk er omfattande med tradisjon for både breie og allmenne tilnærmingar. men også mange ulike spesialiseringar. Dette studiet ved Høgskulen i Volda vil gje ei brei og allmenn innføring i dei mest vanlege utfordringane som er knytt til behovet for spesialundervisning i skulen.  

Studiet har som utgangspunkt at opplæringa i skulen skal ha inkludering som ideal og vere grunnlagt i ei klar og kritisk vitskapleg tilnærming til fagfeltet. Det blir lagt vekt på omsynet til fellesskapen og mangfaldet i elevgruppa under opplæring, der tilpassa opplæring er sentralt. Studiet gir ei forskingsbasert innsikt i institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa for å forklare og forstå behov for spesialpedagogiske tiltak. Ved gjennomført studium skal lærarar i grunnskulen vere betre i stand til både å meistre utfordringar i klasseromma, og å kunne gje god og adekvat spesialundervisning for elevar som har enkeltvedtak med særleg vekt på dei mest frekvente vanskane. Studiet er delt inn i to emne, kvart på 15 studiepoeng. Dei to emna tek for seg vanskar knytt til læringsmiljø og åtferdspråk, og til lesing, skriving, matematikk .  

Learning outcome

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Learning outcome knowledge

Kandidaten:  

  • skal ha inngåande kunnskapar om sentrale overordna spørsmål som gjeld inkludering, utvikling, læring og undervisning av elevmangfaldet  
  • skal ha gode og forskingsbaserte kunnskapar om korleis møte og gje opplæring til elevar med utgangspunkt i dei mest vanlege forklaringane for kva som skaper behov for spesialundervisning. Dette er utfordringar knytt til læringsmilj, åtferd, språk, lesing, skriving og matematikk  
Learning outcome skills

Kandidaten:  

  • skal kunne legge til rette for ein inkluderande fellesskap og aktiv deltaking i opplæringa for å sikre best mogleg tilpassa opplæring for den enkelte  
  • skal kunne legge til rette for ei god opplæring til elevar med dei mest frekvente årsakene som skaper behov for spesialundervisning: utfordringar knytt til læringsmiljø, åtferd, språk, lesing, skriving og matematikk
Learning outcome qualification

Kandidaten: 

  • skal på eit vitskapleg grunnlag kunne vere fagleg kritisk analyserande og vurderande i spørsmål som gjeld elevheterogeniteten i opplæringa 
  • vurdere, integrere og ta i bruk forsking i eigen pedagogiske praksis 

 

Content structure

Studiet er delt inn i to emne:  

Emne 1: Spesialpedagogikk: læringsmiljø og åtferd. 
Emne 2: Spesialpedagogikk: språk, matematikk og leseutvikling. 

Kvart av emna går over eit semester: Emne 1 i haustsemesteret og emne 2 i vårsemesteret.  

Spesialpedagogikk 1.-10. trinn - Kompetanse for kvalitet
Navn: 
Spesialpedagogikk 1.-10. trinn - Kompetanse for kvalitet
Requirements

Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon 

Ansvarleg
Anne Randi Fagerlid Festøy