Spesialpedagogikk i barnehagen - Kompetanse for fremtidens barnehage
Fagområdet spesialpedagogikk er omfattande med tradisjon for både breie og allmenne tilnærmingar og mange ulike spesialiseringar. Dette studiet ved Høgskulen i Volda vil gje ei brei innføring i dei mest vanlege utfordringane som er knytt til behovet for spesialpedagogisk hjelp i barnehagen.
Emnet set søkelys på eit inkluderande læringsmiljø i barnehagen gjennom tilpassing og meistring for barn med ulike føresetnadar. Studiet omhandlar kunnskap om å legge til rette for eit allmennpedagogisk tilbod av god kvalitet for barn som treng spesialpedagogisk hjelp og ekstra støtte. Kunnskap om foreldresamarbeid og tverrprofesjonelt i arbeid med barn som trenger ekstra støtte, kommunikasjon og relasjonelt arbeid, samt observasjon, kartlegging, dokumentasjon og vurdering inngår i studiet. Emnet tek føre seg korleis leiing og åtferd påverkar læringsmiljøet og det psykososiale miljøet i barnehagen. Tematikken blir sett på både ut frå individ- og systemperspektiv. Det overordna perspektivet for emnet er inkludering, konkretisert til det å skape vilkår for fellesskap, deltaking og medverknad. Emnet tek også for seg dei mest frekvente vanskane barn strevar med i barnehagealder: språk og åtferd.
Studiet Spesialpedagogikk i barnehagen kan, etter søknad, innpassast som del av masterprogrammet i spesialpedagogikk (120 stp) ved Høgskulen i Volda. Ein eventuell søknad om innpass skjer i etterkant av opptak på masterprogrammet.
Strategien "Kompetanse for framtidas barnehage"
Vidareutdanninga inngår som eit av kompetanseutviklingstiltaka i regjeringas Kompetanse for fremtidens barnehage - Revidert kompetansestrategi for perioden 2023 - 2025 (regjeringen.no).
Strategien har tiltak retta mot alle grupper av tilsette i barnehagen og har som mål å bidra til at det blir fleire barnehagelærarar og barne- og ungdomsarbeidarar i barnehagen, og at det blir fleire barnehagelærarar med utdanning på masternivå. Den har også som mål å sikre at alle barn får eit barnehagetilbod av høg kvalitet.
Vidareutdanningstilboda for barnehagelærarar skal bidra til at ein aukande del barnehagelærarar
utviklar kompetanse på mastergradsnivå, i tråd med prioriterte områder i rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver. Studiet skal styrke barnehagelærarens kompetanse i planlegging og gjennomføring av utviklingsarbeid.
Barnehageeigar kan mota midlar for tilsette som deltar på vidareutdanningstilbod igangsett av Utdanningsdirektoratet. Les meir om tilretteleggingsmidlar og korleis desse kan nyttast på Utdanningsdirektoratet sine nettsider (Udir.no)
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram
Studenten skal ha:
- inngåande kunnskapar om sentrale overordna spørsmål som gjeld inkludering og tidleg innsats.
- omfattende kunnskap om problemstillingar knytt til barns rettigheiter, med særskilt vekt på rett til spesialpedagogisk hjelp
- inngåande kunnskap om barn med særskilte behov av ulik og samansett art
Studenten skal kunne:
- analysere og vurdere perspektiv på oppvekstvilkår i eit inkluderande fellesskap
- identifisere ulike behov, analysere og legge til rette tiltak ut frå enkeltbarn og gruppa sine behov og forutsetningar, ved å nytte observasjon, dokumentasjon, vurdering og kartlegging
- forebygge språk-, lære-, samspels- og psykososiale vanskar
Studenten skal kunne:
- vurdere betydninga av inkluderande og likeverdige utviklings- og læringsmoglegheiter i eit mangfaldig og komplekst samfunn
- vurdere, integrere og ta i bruk forsking i eigen yrkespraksis
Studiet er samlingsbasert med inntil tre fysiske samlingar à to dagar per semester. Vi nyttar digitale læringsformer mellom samlingane. Arbeidsmåtane vil variere mellom forelesning og anna undervisning på campus og nett, seminar og Workshops, gruppearbeid og gruppeoppgåver, individuelle arbeidsoppgåver, rettleiing og sjølvstudium. Samlingane er heildagsseminarar organisert som korte faglege introduksjonar med etterfølgande arbeid i prosessgrupper og rettleiing i gruppe. Til innlevering og vurdering av arbeidskrav nyttar vi HVO sin digitale læringsplattform, Canvas.
Emne | 2023 Haust | 2024 Vår |
---|---|---|
30 | ||
Sum (30 total) | 0 | 30 |
Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon