Spesialpedagogikk - master (deltid)
Mastergradsstudiet i spesialpedagogikk er profesjonsretta og har som mål å gi studentane solid kunnskap og kompetanse som gjeld vilkår for utvikling, læring og livsutfalding for dei som møter barrierar i livet. Omgrepa inkluderande opplæring og inkluderande læringsmiljø er overordna ideal som gjeld for mangfaldet barn, unge og vaksne både i ordinær opplæring og i spesialpedagogiske tiltak. Dei ulike emna i studiet gir ulike faglege tilnærmingar til utfordringane i opplæringa og til kva som kan gje høg kvalitet både i ordinær opplæring, men særleg i spesialpedagogiske innsatsar i barnehage og skule (sjå studieplanen for nærare informasjon om emna). Studiet byggjer på godt utvikla og dokumenterte praksiserfaringar i kombinasjon med ei kritisk vitskapleg og forskingsbasert tilnærming til fagfeltet. Undervisninga tek opp det historiske, utdanningspolitiske, praktiske og teoretiske grunnlaget for spesialpedagogikken og inkluderande opplæring. Det vert lagt vekt på kritisk og analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing samt skriftleg og munnleg presentasjon. I masterstudiet blir det gitt innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og forskingsmetodar. Der skal studentane under rettleiing planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg arbeid.
Avhengig av forkunnskap kan dette studiet gje deg
lektorkompetanse
auka forskingsbasert kompetanse for pedagogisk arbeid og FoU- aktivitet i barnehage og skule
kvalifikasjonar for mellom anna:
- spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, helsevesenet og andre relevante institusjonar
arbeid i PP-tenesta
arbeid i universitets- og høgskulesektoren
fullført mastergrad kan gi opptak til doktorgradsprogram
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Kandidaten
- har inngåande kunnskapar om overordna spørsmål som gjeld utvikling, læring og undervisning av mangfaldet av barn, unge og vaksne
- har omfattande kunnskapar om spesialpedagogiske tiltak og inkluderande opplæring
- har grundige kunnskapar om ulike vitskaplege og forskingsmetodiske tilnærmingar til fagfeltet
Kandidaten
- kan planlegge, iverksette og vurdere tiltak som fremjar inkluderande opplæring
- kan nytte innsikta i spesialpedagogikken til å utøve profesjonelt skjøn for ei best mogleg opplæring for sårbare barn, unge og vaksne
- kan planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg arbeid
Kandidaten
- kan vere fagleg kritisk analyserande og vurderande i spørsmål som gjeld spesialpedagogiske utfordringar og inkluderande opplæring
- kan vurdere, integrere og ta i bruk kunnskap frå studiet i eigen yrkespraksis
- kan legge vitskaplege kriterium til grunn for eigen faglege ståstad og utvikling
Mastergradsstudiet i spesialpedagogikk inneheld i alt seks emne. Emna SPP301, SPP302, SPP303, SPP304 og SPP305 går kvar over eitt semester, og har fem samlingar pr. emne. Kvar samling er på to dagar og kvart av emna er på 15 studiepoeng. Masteroppgåva (SPP306D) er på 45 studiepoeng, har færre samlingar og går over tre semester. Alle emna er obligatoriske for å få godkjent studiet. Det er krav om 70 % frammøte til all undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6.
Studentane byrjar til vanleg med emnet Overordna perspektiv på spesialpedagogisk arbeid og inkluderande opplæring (SPP301). I masterstudiet skal emna Vitskapsteori og forskingsmetode (SPP305) og Masteroppgåve (SPP306D) gjennomførast til slutt.
Studentane må ha karakteren C eller betre i snitt frå dei fire første obligatoriske emna. Masteroppgåva kan ikkje leverast før ein har fått godkjent resultat på Vitskapsteori og forskingsmetode (SPP305).
Studentar med vidareutdanning i spesialpedagogikk eller med anna relevant utdanning, kan søkje om å få innpassa og godkjent dette i masterprogrammet. Etter individuell vurdering er det også mogleg å få godskrive emne på masternivå frå andre høgskular/universitet.
Emne | 2023 H | 2024 V | 2024 H | 2025 V | 2025 H | 2026 V | 2026 H | 2027 V |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske emne | ||||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
15 | 15 | 15 | ||||||
Sum (120 total) | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 |
Vurderingsordningane varierer frå emne til emne. Det er variasjon mellom emna i arbeids- og vurderingsformer. Dei konkrete ordningane går fram av omtalane for kvart einskild emne. Avsluttande vurdering blir gjort etter kvart emne. Det skal normalt vere ekstern sensor på alle emna. Alle emna blir vurderte i høve til karakterskalaen A til F, der A er beste karakter og E er siste ståkarakter.
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssystem.
Kvart emne vil verte vurdert fortløpande på fleire måtar:
- samlingsevalueringar
- sluttevaluering
- møte i kvalitetsutvalet for studiekvalitet
- tilbakemelding frå eksternsensor (sensorrapport)