See list of study plans starting on:

Mastergradsstudium i spesialpedagogikk, deltid

Studieprogram: 
Spesialpedagogikk - master (deltid)
Studienivå: 
Master
Studiepoeng: 
120
Studielengd: 
8 semester
Kull: 
2020
Studieplassar: 
60
Studietype: 
Mastergradsstudium
Organisering
Deltid
Opptakskrav

1. Opptaksgrunnlaget til mastergradsstudiet i undervisning og læring er fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule av minimum tre års omfang (180 stp.) innanfor følgjande utdanningsvegar: 

  • bestått minimum dei tre første åra i grunnskulelærarutdanninga. 
  • allmennlærarutdanning. 
  • førskulelærarutdanning/barnehagelærarutdanning. 
  • faglærar med praktisk-pedagogisk utdanning innan yrkesfag eller allmennfag, faglærar med eigen bachelor eller yrkesfaglærar. 

2. Søkjarar med fullført utdanning som barnevernspedagog, vernepleiar eller anna treårig relevant profesjonsutdanning kan takast opp etter særskild vurdering. 

3. Det vert gjeve tilleggspoeng slik: 

  • eitt poeng pr. år inntil fem år for pedagogisk praksis frå barnehage, skule eller annan pedagogisk institusjon etter avslutta grunnutdanning. 
  • eitt poeng pr. 30 studiepoeng og inntil 3 poeng (90 studiepoeng) når søkjaren dokumenterer høgare utdanning ut over opptaksgrunnlaget. 

4. Søkjarar med morsmål frå land utanfor Norden må dokumentere kunnskap i norsk tilsvarande karakteren B frå studiet Norsk for utanlandske studentar eller resultatet Godt bestått frå Norsk språktest - høgare nivå (Bergenstesten). Dei må også dokumentere kunnskap om norsk skule- og barnehagesystem.

5. Alle studentar på mastergradsstudiet må søkje om undervisningsopptak til dei avsluttande emna Vitskapsteori og forskingsmetode (UL305) og Masteroppgåve (UL306D). Desse emna har avgrensa tal på studieplassar. Søkjarane må ha C eller betre i snitt frå dei fire første obligatoriske emna, og blir deretter rangerte på grunnlag av gjennomsnittskarakterane frå desse emna. Ved lik rangering vert opptak avgjort ved loddtrekking. 

Om studiet

Hovudmålet med studiet er å gje studentane solid kompetanse for arbeid på området i barnehage og skule. 

Studiet gir vitskapleg funderte kunnskapar og ferdigheiter på området. Det gir ei innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og forskingsmetodar, og trening i sjølvstendig vitskapleg arbeid. Undervisninga er forskingsbasert og handlar om det teoretiske og metodiske grunnlaget for spesialiseringa. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring.

Studiet legg stor vekt på omsynet til fellesskapen og mangfaldet i gruppa av barn, unge og vaksne under opplæring. Tilpassa opplæring er sentralt. Utgangspunktet er at all opplæring skal ha inkludering som ideal. Det har ein kritisk vitskapleg og forskingsmessig basis. Studiet gir innsikt i skulefaglege, institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa. Det gir grunnlag for å få kunnskap om ulike faglege tilnærmingar både i ordinær undervisning og spesialundervisning.

Avhengig av forkunnskap og studiespesialisering kan dette studiet gje deg

  • lektorkompetanse
  • auka forskingsbasert kompetanse for pedagogisk arbeid og FoU- aktivitet i barnehage og skule
  • kvalifikasjonar for m.a.:
    • spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og andre relevante institusjonar
    • arbeid i PP-tenesta
    • arbeid i høgskulesektoren
    • doktorgradsstudium
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskapar om sentrale overordna spørsmål som gjeld utvikling, læring og undervisning av mangfaldet av barn, unge og vaksne innanfor det spesialpedagogiske feltet
  • har avanserte kunnskapar om spesialundervisning, inkludering og tilpassa opplæring som opplæringsperspektiv
  • har grundige kunnskapar om forskingsmessig tilnærming til fagfeltet
Ferdigheiter

 Studenten

  • kan legge til rette for fellesskap og aktiv deltaking i opplæringa for alle for å sikre best mogleg tilpassa opplæring for den enkelte
  • kan legge til rette for opplæring som reflekterer at dei grunnleggjande ferdigheitene er grunnlaget for læring i alle fag
  • kan planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg arbeid
Generell kompetanse

Studenten

  • kan på eit vitskapleg grunnlag vere fagleg kritisk analyserande og vurderande i spørsmål som gjeld heterogeniteten i opplæringa
  • kan vurdere, integrere og ta i bruk forsking i eigen yrkespraksis
  • kan planlegge og gjennomføre utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass
Organisering og arbeidsmåtar

Emna UL301, UL302,ULSP303, ULSP304 og UL305 går alle over eitt semester, med fem samlingar pr. emne i Volda. Kvar samling er på to dagar. UL306D (masteroppgåva) har færre samlingar og går over tre semester.

Alle emna er obligatoriske for å få godkjent studiet som master i spesialpedagogikk. Studentane byrjar til vanleg med emnet Overordna perspektiv på kvalitet i opplæringa i barnehage og skule (UL301). Emna Vitskapsteori og forskingsmetode (UL305) og Masteroppgåve (UL306D) skal gjennomførast til slutt. Innhaldet i emna blir presenterte i emneplanane.

Emna Vitskapsteori og forskingsmetode og Masteroppgåve har eit avgrensa tal studieplassar (sjå dei respektive emneplanane). Opptaket til desse to emna skjer på grunnlag av karakterane som er oppnådde i dei andre emna som inngår i graden. Deltidsstudentar tek til på masteroppgåva semesteret etter at dei har teke emnet Vitskapsteori og forskingsmetode. Masteroppgåva kan ikkje leverast før ein har fått godkjent resultat på Vitskapsteori og forskingsmetode. 

Etter individuell vurdering er det mogleg å få godskrive emne frå andre høgskular/universitet som delar av studiet. Studentar med vidareutdanning i spesialpedagogikk etter tidlegare ordningar eller med anna relevant utdanning kan også søkje om slik godskriving. Ut frå ei vurdering av den faktiske kompetansen til kvar einskild søkjar vil det bli gjeve fritak frå enkelte emne, eventuelt kombinert med arbeidskrav som må fyllast for å supplere opptaksgrunnlaget.

Mastergradsstudium i spesialpedagogikk, deltid
Navn: 
Mastergradsstudium i spesialpedagogikk, deltid
Evaluering og kvalitetssikring

Avsluttande vurdering blir gjort etter kvart emne. Det er ekstern sensor på alle emna. Vurderingsordningane varierer frå emne til emne og skal fange opp ulike arbeids- og dokumentasjonsformer. Dei konkrete ordningane går fram av omtalane for kvart einskild emne. Alle emna blir vurderte i høve til karakterskalaen A til F, der A er beste karakter og E er siste ståkarakter.

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
 Kvart emne vil verte vurdert fortløpande på fleire måtar:

  • samlingsevalueringar
  • sluttevaluering
  • møte i kvalitetsutvalet for studiekvalitet
  • tilbakemelding frå sensor
Ansvarleg
Liv Ingrid Aske Håberg, e-post liv.ingrid.aske.haberg@hivolda.no, telefon 70 07 53 57