See list of study plans starting on:

Religion, kultur og samfunn - årsstudium (samlingsbasert)

Studieprogram: 
Religion, kultur og samfunn - årsstudium (samlingsbasert)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2024
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Årsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

I det fleirkulturelle samfunnet, der menneske med ulike overtydingar og tradisjonar lever saman, er kunnskap om religionar og livssyn viktig. Studiet gir grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi inkludert religions- og livssynmangfaldet i Noreg. Studiet er aktuelt for fleire yrkesgrupper som møter slikt mangfald, t.d. i offentleg sektor som skule og helse, i media og i ulike trus- og livssynssamfunn. Dei ulike emna i årsstudium i Religion, kultur og samfunn kan innpassast i ulike bachelorgrader. Emna kan takast kvar for seg eller i ulike kombinasjonar. For lærarar som tek dette som vidareutdanning og ynskjer å ta 30 studiepoeng, tilrår vi emna Religion og livssyn I og II. Dei gjev innføringskunnskap, medan emna Religion, media og populærkultur og Religion og samfunn går djupare inn i nokre aktuelle og samfunnsrelevante aspekt.  

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar
  • om religionar, livssyn, etikk og filosofi.   
  • om kva religiøs tru, livssyn, etikk og filosofi har å seie for einskildmennesket og for samfunnet  
  • om religions- og livssynskritikk  
  • om aktuelle spenningar i pluralistiske samfunn  
  • om heilage tekstar og religiøse praksisar  
  • om religion og livssynsuttrykk i samtidskulturen   
Ferdigheiter
  • analytisk kompetanse i å tolke tekstar og andre kulturuttrykk   
  • evne til å reflektere sjølvstendig over religionsfaglege spørsmål   
  • evne til å uttrykke denne kunnskapen skriftleg   
Generell kompetanse
  • kunne nytte religions- og livssynskunnskap sjølvstendig, reflektert og kritisk  
  • kunne diskutere spørsmål knytte til religion og livssyn med innsikt og respekt  
  • kunne bruke kunnskapen frå studiet i yrkessamanheng   
  • kunne vurdere og bruke ulike digitale kjelder kritisk  
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet består av fem emne der studentane vél fire av dei.

Fire av emna er samlingsbaserte (REL151, REL152, REL153 og REL154) 

I kvart av dei samlingsbaserte emna vert undervisninga gjeven i form av forelesingar og gruppearbeid både på samlingar ved Høgskulen i Volda og digitalt. Det vert tre fysiske samlingar i semesteret, kvar på to dagar. I tillegg vert det studentarbeid og ulike digitale møtepunkt. Det er krav om 75% frammøte til undervisninga i desse emna, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 

REL110 er ikkje samlingsbasert, men har regelmessig lokal undervisning. Det er ikkje obligatorisk frammøte i REL110.

Studiet er lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Det primære ansvaret for læringsutbytet ligg hjå studenten sjølv gjennom lesing, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar, førebuing og aktiv deltaking i undervisninga.  

 

Religion, kultur og samfunn - årsstudium (samlingsbasert)
Navn: 
Religion, kultur og samfunn - årsstudium (samlingsbasert)
Emne2024 Vår2024 Haust
Studentane skal velje to av tre emne i vårsemesteret
30
 
15
 
15
 
15
15
15
Ansvarleg
Hildegunn Valen Kleive, tlf. 70075096, e-post hildegunn.kleive@hivolda.no