Vidare med Høgskulen i Volda

Livslang læring med Høgskulen i Volda

Vi sluttar aldri å lære, og bra er det! Vi skal gjere det enkelt for deg å ta utdanninga du ønskjer deg, uavhengig av livssituasjon og jobbkvardag.

Kombiner studium med jobb

Høgskulen i Volda jobbar med å legge til rette for livslang læring med høg fagleg kvalitet og stor fleksibilitet i organisering og gjennomføring. Fleksible studieformer gjer det mogleg for deg å kombinere studium og arbeid eller andre aktivitetar. I tillegg til å studere på heiltid, kan du velje nettstudium, studere på deltid eller samlingsbasert.