Among Colors

Tekst: , Foto: Marius Beck Dahle

- Oppdatert

Store band har stått på scena i Studenthuset Rokken og kjent på den intense responsen frå eit kontaktsøkande publikum. Studentbandet Among Colors stengde dørene og slo på kamera.

Dei var dei første til å bli livestreama frå Rokken, utan publikum. Among Colors føretrekkjer likevel å få respons frå salen. Preben Dale (vokal/el-gitar/synth), Timmy Aass (el-gitar/vokal/synth), Magnus Magnússon (bass/vokal), Magnus Solheim (trommer) og Marius Jørgenstuen (el-piano/synth/vokal) utgjer Among Colors. Bandnamnet oppstod relativt tilfeldig i eit samarbeid mellom Preben og namngeneratoren Bandnamemaker.com. – Eg trykte oppdater fleire gonger før eg fekk alternativet «Among». Det likte eg ganske godt, og så kom eg med forskjellige forslag til kva som kunne passe med det. Timmy likte Among Colors, så då blei det det. Noko må ein jo heite, seier Preben lattermildt. 

Inspirerande studium 

Med unntak av Magnus Magnússon, som studerer engelsk, går alle i bandet på musikkutdanninga.
– På studiet møter ein folk frå heile landet med forskjellig bakgrunn og erfaringar frå musikkmiljøet. Utveksling av kunnskap og erfaring gjer det til eit inspirerande studium. Fasilitetane har forbetra seg mykje med den nye konsertsalen som opna i februar, og med musikktech-labben som no har fått ny programvare med Pro Tools, som er bransjestandarden.

Among colors

Sjølvkomponert materiale 

Magnus og Preben kjem frå den same bygda, Kvinnherad i Hordaland. Det var på Preben si oppfordring at Magnus også bestemte seg for å studere i Volda.
– Preben lovde at om eg kom til Volda skulle eg få eit band, og det har eg fått, ler Magnus.
Det starta i fjor haust med at Preben hadde
skrive nokre songar sjølv og ville ha eit band å spele det sjølvkomponerte materiale i.
– Eg samla dessa karane og vi byrja spele saman. Vi hadde den første konserten i løpet av ei veke på Bandstand på Rokken, eit konsept der lokale band og studentband viser seg fram for publikum, seier Preben.

Livestream frå Rokken 

Etter å ha spelt i lag i nokre månader stod dei fem igjen på Rokken-scena ein fredag i mai, denne gongen for ein tom konsertsal.
– Det begynte som ein idé mellom meg, Timmy og Chris-Håvard Berge som jobbar som frivillig med det tekniske på Rokken. Resultatet blei ein halvtimes livestreama konsert med fleirkamera og 11 personar i teamet, pluss oss. Det blei ein stor produksjon. Vi har ikkje gitt ut noko, så det einaste vi har å vise til, er streamen. Det er heilt unikt å få ei slik mogelegheit som nyoppstarta band og resultatet blei veldig profesjonelt, seier Preben.
Among Colors var dei første til å ha ein lukka livestreama konsert på Rokken. – Vi er vande til å spele for publikum og få feedback frå salen. Å spele for ein tom sal vart ganske kleint, eigentleg, seier Marius lattermildt. 

Mykje goodwill i Volda 

Dei jobbar alle med det tekniske på Rokken. Der har dei fått kunnskap om rigging av lyd og lys og andre aspekt ved det å arrangere konsertar. Det er gjennom arbeidet som frivillige dei har fått nettverket som har gitt dei mogelegheiter som å spele ein livestreama konsert. – Rokken er eit samlingspunkt. Ein blir kjent med mange frå forskjellige studium som har forskjellig kunnskap og evner. Det er mykje goodwill i Volda og alle hjelper kvarandre, seier Magnus Solheim. 

Studentane fortel om eit inspirerande musikkmiljø med engasjerte studentar og band som er flinke til å sette i stand konsertar og prosjekt.
– Maifesten og Exit Volda, som vi fekk æra av å spele på i vår, er døme på festivalar som studentar har tatt initiativ til.

Skal i studio 

Dei beskriv musikken sin som alternativ rock med titlar som «Mediocre», «Never sleep» og «Live in a dream».
– Vi er inspirerte av alt mogeleg, og vi er alle veldig forskjellege. Preben kjem med ideane til musikken og så legg vi andre på våre ting. Då blir det på ein måte vår musikk. Preben kjem med grunnmuren, og så bygger vi huset, seier Timmy til stor latter frå dei andre.
Bandet har ambisjonar for framtida og har allereie fleire speleoppdrag og planar om innspeling i studio.
– I første omgong skal vi spele inn ein EP i Playground Studio i haust, og prøve å få litt blest rundt det. Mange av studentane på medieutdanningane er veldig opne for samarbeidsprosjekt, så vi håpar å få laga ein musikkvideo av ein av songane på EP-en. Vi har også fått ein del oppdrag allereie før vi la ut streamen i vår. Dei har vel mest sett på bilda og tenkt: «dei ser profesjonelle ut, dei er sikkert flinke, vi bookar dei», ler Preben.

Del på