Studiet gir deg ei allsidig musikkutdanning, som kvalifiserer for arbeid både i skuleverket og kultursektoren, til dømes som musikklærar, musikar, låtskrivar, produsent eller arrangør. Du får tilgang til profesjonelt musikkstudio og øvingslokale. Høgskulen i Volda har eige kor og sympfoniorkester.
Du får brei musikkfagleg kompetanse der du får velje fordjuping innan utøvande og skapande retningar, og relevant forskings- og utviklingsarbeid. Vidare er kunnskapar om læringspsykologiske, musikkpedagogiske og helsemessige dimensjonar, og om musikken sin plass historisk sett og i eit fleirkulturelt samfunnsperspektiv ein del av studiet.
MERK! Regjeringa går inn for å forlenge unntaket frå krav om mastergrad for opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), for søkarar med bachelor i praktiske og estetiske fag, fram til 2030. Du kan då bygge på bachelorgraden med PPU om du ønskjer undervisningskompetanse i skulen.
Sjå musikkstudent Bodils Instagram-takeover for å lære meir om studiet
Vis mer
I løpet av studietiden arbeidet Kato Adolfsen med lyd og lys på Studenthuset Rokken. I dag har han drømmejobben på Nationaltheatret der han får bidra til scenekunst på et nasjonalt nivå.
Vis mer
Stein Helge Solstad jobbar som førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda. Han underviser i musikk, og meiner det berre er eigen fantasi som stopper ein frå å kome vidare.
Vis mer
Åge Staurset er dagleg leiar på Studenthuset Rokken og jobbar saman med frivillige frå heile studentmiljøet. Med ein Bachelor i musikk frå Høgskulen i Volda, står Åge side om side med artistar som Xzibit, Julie Bergan og Dagny for å skape liv og gje gode opplevingar til studentane på fritida. Se studietilbodet
Vis mer
Velkomen til digitalt ope hus på Musikk! Du blir betre kjend med studentar og lærarar, og vi viser deg klipp frå frå studiekvardagen på campus og livet i studiebygda Volda. Her får du svar på ting du kanskje lurer på før du skal søke 15. april!
Vis mer
Linn Jeanette Tennebekk (21) hadde aldri trudd ho skulle dirigere eit kor på rundt 40 personar. Men studentlivet ved Høgskulen i Volda (HVO) har gitt bergensaren uventa moglegheiter.
Delar av musikkutdanninga kan takast i utlandet. Vi rår til dømes til musikkonservatoriet i Riga eller våre samarbeidsinstitusjonar i Australia, Irland, Latvia, New Zealand, Storbritannia og USA.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Bachelor i musikk er ei praktisk-teoretisk utdanning. Undervisninga vekslar mellom førelesing, øving og arbeid i grupper eller individuelt, og vert tilpassa den enkelte student. Studentane får også høve til å opptre på både lukka og offentlege konsertar, arrangert av Høgskulen i Volda. Det vert det arrangert ulike kurs og ekskursjonar, blant anna ein studietur til Ole Bull-akademiet på Voss der du får kurs i folkemusikk.
Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Aktuelle yrke og vidare studium
Musikkutdanninga ved Høgskulen i Volda kvalifiserer for arbeid i både privat og offentleg sektor. Du vert kvalifisert for jobbar i både i skule-og kultursektoren.
Du kan bygge på bachelorgraden med Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU ) om du ønskjer undervisningskompetanse i skulen.
Bachelor i musikk legg også grunnlaget for vidare studium på masternivå.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Studiestart for alle nye studentar er tysdag 19. august 2025.
Studieplan
Musikk - bachelor
Studieprogram:
Musikk - bachelor
Studienivå:
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng:
180
Studielengd:
6 semester
Kull:
2025
Studieplassar:
35
Studietype:
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
Om studiet
Bachelor i musikk er eit studium som gir deg eit praktisk og teoretisk grunnlag for å kunne arbeide med musikk og leie andre i musikalsk samspel. Studiet gir deg brei musikkfagleg kompetanse der du vil få høve til å velje fordjuping innan utøvande og skapande retningar, og relevant forskings- og utviklingsarbeid. Studiet vektlegg konkrete praktiske ferdigheiter innan samspel, improvisasjon, låtskriving og musikkteknologi. Vidare er kunnskapar om læringspsykologiske, musikkpedagogiske og helsemessige dimensjonar, og om musikken sin plass historisk sett og i eit fleirkulturelt samfunnsperspektiv ein del av studiet.
Utdanninga gir grunnleggade kompetanse for arbeid innan kultursektoren, grunnskulen, kulturskulen, SFO og privat næring.
Bachelorgraden gir grunnlag for vidare studiar på masternivå ved andre utdanningsinstitusjonar, eventuelt i kombinasjon med praktisk pedagogisk utdanning (PPU).
Det er tilrådd at studenten har noko vokal eller instrumental erfaring.
Læringsutbytte
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgande læringsutbytte etter fullført studium:
Kunnskapar
Kandidaten:
har brei kunnskap om utøving av musikkfaget i ulike samanhengar i samfunnet
har kunnskap om fagområdet si historie, eigenart og plass i samfunnet
har innsikt i sentrale musikkpedagogiske problemstillingar, metodar og verktøy
har kunnskap om musikken si betydning for fysisk og psykisk helse og bruk av musikk i helsefaglege samanhengar
har kunnskap om musikkteori og høyrelære og ulike komponerings- og improvisasjonsteknikkar
har kunnskap om musikkproduksjon og studioarbeid
kjenner til forskings- og utviklingsarbeid i musikkfaget og korleis ein kan vidareutvikle eigne kunnskapar i faget
Ferdigheiter
Kandidaten:
kan utøve og formidle musikk til ulike målgrupper
kan nytte eit valt fordjupingsinstrument og ulike band- og akkompagneringsinstrument i ulike utøvingskontekstar, reflektere over eigne ferdigheiter og ha evne til fagleg fornying
kan nytte musikkfagleg kunnskap i praktiske og teoretiske problemstillingar, grunngi vala sine og analysere relevante samanhengar mellom praksis og teori
kan bruke relevant teknologisk utstyr og programvare i komponering og utøvingssamanhengar
kan nytte ulike pedagogiske metodar som har relevans for musikkfaget i ulike samanhengar og på ulike nivå
Generell kompetanse
Kandidaten:
kan formidle sentralt fagstoff både skrifleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstilingar i tillegg til nytenking og innovasjonsprosessar innan fagområdet
har kunnskap om utvalde retningar innan vitskapsteori og metode, og gjennom kritisk tenking og refleksjon grunngi vala sine i bacheloroppgåva
kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt over tid og i samarbeid med andre, i tråd med etiske krav og retningsliner
kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre innan fagområdet og slik bidra til utvikling av god praksis
Organisering og arbeidsmåtar
Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesningar, praktisk skapande arbeid, arbeid i grupper og individuelt. Det blir nytta varierte læringsformer som prosjekt- og seminararbeid, omvendt undervisning, video og loggskriving, samspel og gruppediskusjonar.
Studenten får innsikt i relevante arbeidsoppgåver retta mot ulike kulturfelt, gjennom uformelle praksisavtalar, ekskursjonar og eksterne forelesningar.
Vurderingsformene inkluderer skriftleg og praktisk arbeid, heimeeksamen og skuleeksamen.
Studiet har praksis og det skal leverast politiattest.
Internasjonalisering
Det inngår ikkje engelskspråklege emne i graden, men deler av musikkutdanninga kan takast i utlandet.
Høgskulen i Volda har utvekslingsavtalar med samarbeidsinstitusjonar i Storbritannia, Irland, Latvia, Australia, New Zealand og USA.
I tillegg vert det gitt tilbod om studietur til utlandet i løpet av studietida.
Anna
Eit kurs i folkemusikk er ein obligatorisk del av studiet. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del på studieturar, må ein gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med lærar.