Regional planlegging og utvikling

Vidareutdanning (masternivå)

Vidareutdanninga på masternivå er retta mot planleggarar, leiarar og andre tilsette med ansvar for samfunnsplanlegging og regional utvikling i kommunar, fylke og stat, og tilsette i privat og frivillig sektor som har mykje kontakt med offentleg sektor om plan- og utviklingsarbeid. Studiet er også eigna for studentar som ønskjer å kvalifisere seg til slike stillingar.

  • Deltid, Samlingar
  • Varigheit 1 semester
  • 15 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2024 -

    Løpande opptak til studiet er fullteikna.

  • Opptakskrav

    Bachelorgrad eller tilsvarande (minimum 180 stp.).

     

Studieinnhald

Studiet gir kjennskap til sentrale teoriar, omgrep og debattar i regional planlegging og utvikling, og viser korleis desse bidreg til forståing og utforming av systematiske planleggingsprosessar med vekt på brei deltaking, dialog, refleksjon og læring. Studiet vektlegg omgrepa instrumentell og kommunikativ rasjonalitet, og viser korleis desse påverkar mellom anna synet på makt, læring, planlegging, innovasjon og utvikling. Studiet viser kvifor desse rasjonalitetsformene må kombinerast for å møte moderne samfunn sine utfordringar. Studentane opparbeider ferdigheiter til å analysere og forstå utviklingstrekka og utfordringane i regionale samfunn, og kritisk kunne vurdere ulike verktøy for samfunnsendring. Les meir om emnet her

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er samlingsbasert og lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne utfordringar. Det blir forventa at deltakarane driv sjølvstudium mellom samlingane og at dei leverer heimeoppgåver for kommentering og for framlegging i klassa. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kan takast som frittståande vidareutdanning, eller det kan inngå som obligatorisk del av master i Samfunnsplanlegging og leiing og som valfri del i master i Helse- og sosialfag, meistring og myndiggjering ved Høgskulen i Volda.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Emnet er samlingsbasert med tre samlingar. Samlingane er på fire dagar (tysdag til fredag), med ein kombinasjon av fysisk oppmøte og digital undervisning. Tysdagar er det digital undervisning, dei andre dagene er det fysisk oppmøte. 

Fyrste samling starter tysdag 27.august 2024 på zoom, som nettleksjon. Fyrste undervisningsdag med fysisk oppmøte blir då onsdag 28. august 2024, kl 09:15 på på HS220 Granskinga (Hans Strøm huset).

  • Samling 1, veke 35 : tysdag 27. august - fredag 30. august 2024
  • Samling 2, veke 38 : tysdag 17. september - fredag 20. september 2024
  • Samling 3, veke 43 : tysdag 22. oktober - fredag 25. oktober 2024

Undervisninga er ein kombinasjon av forelesingar, nettleksjonar og studentaktivitetar. Undervisninga er i stor grad dialogbasert og det er lagt opp til at studentane møter opp og deltek aktivt.

 

Pensum

Pensumlista ligg her.

  • Deltid, Samlingar
  • Varigheit 1 semester
  • 15 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2024 -

    Løpande opptak til studiet er fullteikna.

  • Opptakskrav

    Bachelorgrad eller tilsvarande (minimum 180 stp.).

     

Løpande opptak

Søknadskode : 4333

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt