Samfunnsutvikling for framtida

Tekst: Vilde Moltudal Igland , Foto: Privat

Bli med og utforsk ei berekraftig samfunnsutvikling, og ta ei utdanning som opnar dørene for mange jobbmoglegheiter! Iben hoppa i det, tok praksis i Italia og delar sine erfaringar.

Ved Samfunnsutvikling i Volda får du ei brei, aktuell og relevant utdanning som kan brukast til mykje, både i offentleg, frivillig og privat sektor. Dette var avgjerande for Iben Adrian Ekornås. Han er tredjeårsstudent ved utdanninga Planlegging og administrasjon, som frå hausten 2024 vert kalla Samfunnsutvikling. Iben søkte seg hit til Volda nettopp fordi det opnar dørene for mange jobbmoglegheiter.

– Eg trengde å gjere noko matnyttig i høve jobbmoglegheiter, og det var med på å avgjere retninga. I tillegg er det jo noko eg føler at eg får til.

Iben Adrian Ekornås

Samfunnsutvikling gir også mange moglegheiter knytt til praksis og arbeidslivsrelevans gjennom ulike valfag. Dette nytta Iben seg av, som reiste til Italia for å ha praksis der.

– Eg var veldig heldig med at studiet hadde praksis som valfag, og det var Høgskulen i Volda og Professor Nathalie Homlong fiksa akkurat denne praksisplassen for meg. Eg trur likevel at det hjalp at eg sjølv var engasjert og viste interesse før eg drog ned, det gjorde nok at moglegheitene opna seg eksponensielt for meg.

Dette er samfunnsutvikling:


Praksis i Italia

I 10,5 veker jobba Iben for det italienske firmaet Ilmiofuturo.

Iben Adrian Ekornås

– Eg hadde det utruleg gøy og eg fekk mykje tillit frå dei eg jobba med, så eg vart sendt til både Spania og Tyrkia aleine som representant for dei på møter. Til saman jobba eg med representantar og ulike firma frå vel 10-15 land i Europa, så det var veldig lærerikt og spennande.

Iben høyrde om moglegheita til praksis hausten før han reiste og tenkte "ja, dette vil eg gjere!". Han meiner at det kanskje er der det vanskelege ligg; å tørre hoppe i noko som er litt skummelt.

– Men så blomstra jo moglegheitene mine ut i frå det då, fortel han smilande.

Praksisen vart til gjennom emnet IPA203 Internship with Internship Report (15 stp) over 6 veker, men Høgskulen i Volda tilbyr også alternativet IPA206 Internship with Internship Report (30 stp) som går over 12 veker. Målet med emna er å praktisere og bruke den kunnskapen og innsikta i teoriar og metodar ein har tilegna seg så langt i studiet, og kan gjennomførast både i Noreg og utlandet.

– Eg valde emnet med 15 studiepoeng og skulle eigentleg berre vere i Italia i 6 veker, men eg endte opp med å vere igjen og jobbe litt lengre. Det vart ca 10,5 veker til slutt, forklarar Iben som har gjort litt arbeid for selskapet sjølv etter han kom tilbake til Volda.

Berekraftig samfunnsutvikling i praksis

Iben både håper og ser føre seg at utdanninga kan bidra til jobbmoglegheiter for å forme eit meir berekraftig samfunn. Under praksisen i Italia arbeidde han mykje med livslang læring som har direkte koplingar mot FNs berekraftsmål, og er ein viktig del av utdanninga innan samfunnsutvikling.

– Eg var med på prosjektarbeid støtta av EU innanfor feltet livslang læring. Her arbeidde eg mellom anna med å lage kurs til immigrantkvinner for å hjelpe dei med entreprenørkunnskapar, analysere skulepraksisar i Europa og lage ei handbok for å forhindre at studentar skal droppe ut av studiene, samt kursing innan digitale verkty/KI i bilindustrien

– Eg føler at eg fekk kome veldig langt fram i ein ny sektor

Iben Adrian Ekornås

FNs berekraftsmål er verdas felles arbeidsplan for å imøtekome dagens behov uten å øydeleggje moglegheitene for at komande generasjonar skal få dekka sine behov. Kjelde: FN.no

Samfunnsutvikling for framtida

VR-teknologi utdanningsdagane

Under Utdanningsdagane 2023 fekk besøkande elevar få prøve seg på bygging av bybilete og samfunn med VR-teknologi

Frå hausten 2024 tek Samfunnsutvikling over for studiet som tidlegare heitte Planlegging og administrasjon. Programleiar Gro Anita Bårdseth forklarar at samfunnsutvikling er ei generalistutdanning som vektlegg  fagområda samfunnsplanlegging,  governance og styring, og prosessleiing og samhandling. Kunnskap om dette er viktig for å lukkast med det grøne skiftet og for å få til ei berekraftig samfunnsutvikling. Studiet byr slik på eit mangfald av moglegheiter.

Gro Anita Bårdseth

– Ei av utdanninga sine store styrker er at det nettopp er ei generalistutdanning. Dei fagområda studiet tek utgangspunkt i, gjer at ein sit igjen med eit hav av moglegheiter etter endt studie. Samtidig er utdanninga både tverrfagleg, variert, framtidsretta og praksisnær, og kan brukast til veldig mykje forskjellig både i offentleg, frivillig og privat sektor.

Fram til studieåret 2024/2025 har utdanninga hatt namnet Planlegging og administrasjon, medan den no heiter Samfunnsutvikling. Gro Anita kortfattar endringane slik:

– Studiet har utvikla seg i tråd med dei raske endringane i samfunnet, og har både gått igjennom ei namneendring og justeringar i studieplanen. Dette for å styrke dei allereie gode kvalitetane til utdanninga og det aukande behovet for utviklinga av berekraftige samfunn. Dei spennande praksismoglegheitene, arbeidslivsrelevansen og utviklinga av "soft skills"står framleis sterkt i utdanninga.

"Soft skills" kan oversettast til mjuke eller mennesklege ferdigheiter. Desse inkluderar t.d. ferdigheiter som kommunikasjon, leiarskap, problemløysing, arbeidsmoral, tidsstyring og teamarbeid, som alle er viktige og attraktive eigenskapar i arbeidslivet.

Ved fullført bachelor i samfunnsutvikling kvalifiserar ein seg også til opptak ved mastergradsstudiet Samfunnsplanlegging og leiing.

– Stort behov for planleggarar

– Det er stort behov for planleggarar i både kommunar og i det private næringslivet, og dette gjer utdanninga ekstra relevant. Jobbmarkanden etter studiene er variert og veldig spennande, fortel Gro Anita

Lurer du på kva du kan bruke utdanninga til?
Sjå Planutdanning.no, for meir innsikt i kva du kan gjere med ei utdanning innan samfunnsutvikling.

Du kan også lytte til podcasten Sannheten om kommunal planlegging, ei serie på tre episoder som utforskar nokre myter rundt det å vere kommunal planleggar.

Eit utanlandsopphald gir mange positive ringverknadar

Iben forklarar at han ikkje heilt såg føre seg kor store ringverknadar praksisopphaldet i Italia skulle ha på han. Alle tinga rundt sjølve praksisen har også hatt stor påverknad og han fortel at han har lært mykje.

– Eg anbefalar absolutt alle å prøve seg på eit praksis-/ utanlandsopphald

Iben Adrian Ekornås

– Eg sit igjen med ei kjensle av at alle skulle fått ei slik moglegheit til både utanlandsopphald og utveksling. Nesten ingen snakka engelsk der eg budde i Italia, så kommunikasjonen i starten var veldig spesiell og vanskeleg. Arbeidsspråket var engelsk, men eg måtte lære meg litt italiensk for å kunne klare å kommunisere, i tillegg til å bruke mykje kroppsspråk. Eg har fått mykje ut av praksisen eg har hatt i Italia, og håper andre vil prøve seg på det same.

Relaterte studier:

Del på