Kompetanse for framtidas barnehage Vidareutdanning (masternivå)

Rettleiarutdanning for praksislærarar i barnehagen

I dette studiet får du omfattande kunnskap og innsikt i eit breitt spekter av teoriar og metodar for rettleiing som verkty for læring og kompetanseutvikling.

Start:
Haust
Omfang:
Deltid Nettstudium Samlingar
Studiepoeng:
30,0
Varigheit:
2 semester (1 år)
Studietype:
Kompetanse for framtidas barnehage Vidareutdanning (masternivå)
Søk frå:
01.02.2025 - 15.04.2025

Rettleiing for praksislærarar er ei profesjonsretta utdanning på masternivå for barnehagelærarar som er, eller ynskjer å bli, praksislærarar i barnehagen. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon og samspel, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing. Det blir lagt vekt på korleis rettleiing, både individuelt og i gruppe, kan styrke læring og utvikling for studentar i praksis.

I følgje nasjonale retningsliner for barnehagelærarutdanning må alle som skal vere praksislærarar ha minimum 30 studiepoeng rettleiarutdanning.

Korleis søkje støtte til vidareutdanning for lærarar:

Gjennom UDIR si ordning Kompetanse for kvalitet (KFK) og Kompetanse for fremtidens barnehage (KFB) kan du som jobbar i skulen og tar vidareutdanning også søkje økonomisk støtte.

Nytt for studieåret 2025/2026 er at du må sende to søknadar:
Èin søknad til Høgskulen i Volda på emnet du ynskje å studere – søkjeperiode 1. februar til 15. april.
Èin søknad til Utdanningsdirektoratet om vikar- og stipendordning – søkjeperiode 1. februar til 1. mars. (NB. Lenkje til søkjeportalane vert opna 1. februar)

Det er også mogleg å søkje vidareutdanningar ved Høgskulen i Volda utan vikar og stipendstøtte frå UDIR.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (barnehagelærar eller liknande) og vere i arbeid i barnehage.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert med tre fysiske samlingar, kvar på to dagar, per semester i tillegg til nettbasert undervisning tilsvarande ei samling.

I emnet vert det lagt vekt på studentaktive læringsformer og studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Studiet gjer nytte av dei ressursane som ligg i studentane sine yrkeserfaringar og kunnskapar, og som er viktige for å skape eit godt læringsmiljø. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper som drøftar faglege tema og rettleiar kvarandre mellom samlingane. Studentane skal også gjennomføre rettleiing i eigen barnehage. Her inngår skriftlege rapporteringar frå rettleiinga som ein viktig læringsstrategi.

Det er obligatorisk frammøte til samlingane og den nettbaserte undervisninga. I løpet av studiet skal studentane gjennomføre og få godkjent fem arbeidskrav.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet skal gi praksislæraren kompetanse i å rettleie studentar og på denne måten bidra til å styrke praksisopplæringa i barnehagelærarutdanninga.

Utdanninga kan etter søknad, godskrivast som del av masterprogrammet i barnehagekunnskap (120 stp) ved Høgskulen i Volda. Ein eventuell søknad om godskriving skjer i etterkant av opptak på masterprogrammet.

 

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

2025-26:

Veke 37: 10. og 11. september
Veke 43: 22. og 23. oktober
Veke 48: 26. og 27. november

Veke 3: 14. og 15. januar
Veke 9: 25. og 26. februar
Veke 16: 15. og 16. april

Studieplan

Rettleiarutdanning for praksislærarar i barnehagen - Kompetanse for framtidas barnehage

Studieprogram: 
Rettleiarutdanning for praksislærarar i barnehagen - Kompetanse for framtidas barnehage
Studienivå: 
Master
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2025
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Vidareutdanning (masternivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (barnehagelærar eller liknande) og vere i arbeid i barnehage.

Om studiet

Rettleiing for praksislærarar er ei profesjonsretta utdanning for barnehagelærarar som er, eller ynskjer å bli, praksislærarar i barnehagen.

Gjennom studiet får studenten omfattande kunnskap og innsikt i eit breitt spekter av teoriar og metodar for rettleiing som verkty for læring og kompetanseutvikling. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon og samspel, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing. Det blir lagt vekt på korleis rettleiing, både individuelt og i gruppe, kan styrke læring og utvikling for studentar i praksis. Studiet rettar seg også inn mot kollektive læringsprosessar. Vidare er utvikling av profesjonsidentitet, profesjonell identitet og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap sentralt. Emnet er på 30 studiepoeng.

Nasjonale føringar

I fylgje nasjonale retningsliner for barnehagelærarutdanning må alle som skal vere praksislærarar ha minimum 30 studiepoeng rettleiing. Studiet skal gi studentane kompetanse i å rettleie studentar og gjennom dette bidra til å styrke praksisopplæringa i grunnutdanninga. Studiet er ein del av strategien «Kompetanse for fremtidens barnehage - strategi for kompetanse og rekruttering 2023-2025».

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram: 

Kunnskapar

Studenten skal ha inngåande kunnskap om:

  • varierte teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet
  • etiske utfordringar og maktforhold i rettleiing og i barnehagelærarprofesjonen
  • korleis rettleiing kan nyttast i praksisopplæring og kompetanseutvikling i barnehagen
  • korleis ein kan inkludere studentar i eit kritisk reflekterande fellesskap 
  • studentar og nyutdanna sine vilkår og utfordringar
  • nasjonal og internasjonal forsking om rettleiing i barnehage og skule
Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • nytte forskingsbasert kunnskap om rettleiing i barnehagen
  • bruke ulike rettleiingsstrategiar og -verkty
  • planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere rettleiing, sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • stimulere læring og utvikling i relasjonar og meistre kommunikasjon på ulike nivå
  • støtte og utfordre studentar gjennom fagleg og pedagogisk rettleiing
  • analysere og reflektere kritisk over rettleiingsteoriar og eigen og andre sin praksis som rettleiar  
  • vurdere eigen praksis i eit lærings- og danningsperspektiv
  • utøve etiske vurderingar i samband med rettleiing
  • nytte rettleiing som reiskap for kvalitetsutvikling i organisasjonar
Generell kompetanse

Generelt skal studenten:

  • kunne kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar
  • ha innsikt i relevante etiske problemstillingar knytte til rettleiingsfeltet 
  • kunne analysere og drøfte teoriar og erfaringar med andre innanfor fagområdet og gjennom dette bidra til nytenking og utvikling av god praksis
  • ha innsikt i korleis dei kan nytte seg sjølve som reiskap for å støtte barnehagelærarar si utvikling av personlege og profesjonelle kompetanse
Organisering og arbeidsmåtar

I emnet vert det lagt vekt på studentaktive læringsformer og studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Studiet har som mål å gjere nytte av og vidareutvike dei ressursane som ligg i studentane si yrkeserfaring, og legg vekt på korleis desse kan bidra til å skape eit godt læringsmiljø. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper som rettleiar kvarandre og drøftar faglege tema. Her inngår skriftlege rapporteringar frå arbeidet som ein viktig læringsstrategi.

Det er til saman seks todagarssamlingar fordelt over to semester. Desse inneheld varierte arbeidsformer, som undervisning, rettleiingsøvingar, obligatorisk studentframlegg og plenumsdiskusjonar. Mellom samlingane skal det gjennomførast rettleiingsarbeid på arbeidsplassen og i lokale nettverksgrupper. Det vert i tillegg gjennomført undervisning på digitale plattformer tilsvarande ei samling.

Rettleiarutdanning for praksislærarar i barnehagen
Navn: 
Rettleiarutdanning for praksislærarar i barnehagen
Emne2025 Haust2026 Vår
Rettleiarutdanning for barnehagelærar
30
 
1515
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Studentane må ha tilgang til pc med program som gjer det mogleg å følgje undervisning i Zoom eller andre digitale plattformer med lyd og bilete.

Praksis

Studentane skal gjennomføre rettleiing på eigen arbeidsplass og rettleiing av medstudentar

Anna
Ikkje meldt inn inn til revisjon - publisert direkte.
Ansvarleg
Gerd Sylvi Steinnes. T: 70075267 E: gerds@hivolda.no