Studer historie og religion i Volda!
Studerer du historie eller religion og livssyn ved Høgskulen i Volda vil du møte eit engasjert fagmiljø, med dyktige og imøtekommande lærarar. Her er det låg terskel for å banke på døra. Du kan anten fordjupe deg i fagfelta, eller bygge på eksisterande utdanning.
Finn ei utdanning som passar for deg!
Gode grunnar til å studere historie og religion i Volda:
- Eit breitt utval nettemner og fleksible studieformer som gjer at du kan tilpasse utdanninga til jobb- eller familiesituasjon.
- Nær kontakt mellom student og lærar.
- Våre studiar gir auka kulturell bevisstheit. Over heile verda har menneskeleg historie og kultur blitt påverka av religiøse idear, religiøse institusjonar, religiøs kunst, religiøse lover og tradisjonar. Å kunne forstå nøkkelomgrep i verda er viktig.
- Årsstudium gir grunnlag for vidare bachelorstudium og for Master i kulturmøte ved Høgskulen i Volda. Gjennom desse studia vil du kunne utvikle evne til kritisk tenking, evne til å sette pris på mangfald og vilje til å få dine eigne idear utfordra.
- Å vere student i Volda gir deg opplevingar og vener for livet i verdas beste studiemiljø!