Gode stipendordningar for lærarar: – Kan vere siste året

Dei gunstige stipendordningane Kompetanse for kvalitet (KFK) og Kompetanse for fremtidens barnehage (KFB) kan bli mindre lukrative frå hausten 2025. – Lærarane bør gripe sjansen no, meiner seniorrådgjevar Ole Frank Bakken.

Mentorutdanning 2

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

Dei gunstige stipendordningane Kompetanse for kvalitet (KFK) og Kompetanse for fremtidens barnehage (KFB) kan bli mindre lukrative frå hausten 2025. – Lærarane bør gripe sjansen no, meiner seniorrådgjevar Ole Frank Bakken.

1. februar opna Høgskulen i Volda (HVO) for søking til vidareutdanningstilboda gjennom KFK (for grunnskulen) og KFB (for barnehagen), som har søknadsfrist 1. mars. Dei er som tidlegare år godt sponsa av staten, som skal gjere det enklare for lærarar å ta desse medan dei er i arbeid.

Det betyr at lærarar i grunnskulen i år kan velje mellom vikarordning (frigjeven 37.5% i løpet av arbeidsåret for 30 studiepoeng) eller stipendordning (126 000 kroner for 30 studiepoeng).
I barnehagen får arbeidsgjevar eit tilretteleggingstilskot på 100 000 kroner for 30 studiepoeng.

– Det er svært gode ordningar. Om ein ser seg rundt om i samfunnet er det ikkje mange yrkesgrupper som har liknande. Lærarane blir frikjøpt for å ta meir utdanning, som igjen kan gi dei høgare lønn resten av arbeidslivet. Det bør vere attraktive insentiv, synest Ole Frank Bakken, som er seniorrådgjevar ved HVO og har ansvaret for KFK og KFB der.

Ordninga blir revidert

Eit nasjonalt utval skal kome med eit forslag til eit heilskapleg system for kompetanse- og karriereutvikling i barnehage og skule, (NOU 2022:13). Det vil ta for seg KFK- og KFB-ordninga, og eventuelle endringar i dei. Ifølge Bakken vil dette forslaget truleg kome i løpet av februar 2024.

– Styresmaktene vil heilt sikkert vidareføre ei form for støtte til vidareutdanning av lærarar. Men det er høgst usikkert om korleis dei økonomiske rammene vil bli, og på kva måte dette vil gå føre seg frå august 2025, seier Bakken.

Korleis søker du?

Her kan du lese om søknadsprosessen 
Hugs søknadsfrist 1. mars

Han er difor ærleg og seier det som det er:

– Det kan, og eg understrekar kan, vere siste året at lærarar i grunnskule og barnehage får så gunstige økonomiske støtteordningar frå staten som dei gjer i år. Difor synest eg at det vil vere fornuftig av lærarar å gripe sjansen no!

Breitt tilbod ved HVO

Høgskulen i Volda tilbyr for studieåret 2024/25 ni KFK-tilbod og seks KFB-tilbod, alle med søknadsfrist 1. mars. Alle desse, utanom tre tilbod innan programmering, tel 30 studiepoeng.

Spennvidda i tilbodet er stort, frå digital kompetanse til norsk, kroppsøving og musikk. Ja, og for ikkje å gløyme spesialpedagogikk.

– Det er det eit skrikande behov for i skulen. Vi ser det på etterspurnaden etter studietilboda, men også når vi snakkar med skular og barnehagar, fortel Bakken.

For andre år på rad har Utdanningsdirektoratet bede Høgskulen i Volda om å doble talet på studieplassar på Spesialpedagogikk1, 1-10 trinn frå 35 til 70 studentar.

– Dei ville ha ei klasse ekstra i år også. Det viser igjen, behovet. I tillegg ser vi på det som eit kvalitetsteikn at dei spør oss om det, seier Bakken.

Nytt barnehagetilbod

Nytt av året er KFB-tilbodet Kunst, kultur og kreativitet i barnehagen. Ei vidareutdanning som skal vere med på å utvikle og trygge barnehagelærarar i arbeidet med estetiske fag.

– Dette er ei praktisk retta vidareutdanning. Studentane skal få god bruk for det dei lærer i studiet, og dei skal ta med seg praktiske eksempel og oppgåver tilbake til barnehagen sin gjennom studieløpet, fortel Hildegunn Hovde som har ansvaret for utdanninga.

Kunst, kultur og kreativitet i barnehagen tel 30 studiepoeng og går over to semester, med oppstart hausten 2024. Det er lagt opp til to samlingsveker med undervisning måndag til fredag. På hausten blir det i veke 37 og 44, i vårsemesteret veke 4 og 13.

Kreative og skapande med barn

Hovde seier at dei skal bruke samlingsvekene godt, og at det fører til mykje ny inspirasjon.

– Det blir for det meste praktisk læring i samlingsvekene. Vi skal jobbe med ulike formingsaktiviteter, lære å spele ukulele, det blir song, og ikkje minst sterkt fokus på leik. Studentane skal få lære og dele erfaringar om korleis vi kan vere kreative og skapande saman med barna.

I det første semesteret blir det arbeid med dei tre faga drama, forming og musikk, i andre semester skal ein sjå på korleis ein kan arbeide tverrfagleg med desse i samspel med alle dei andre fagområda i rammeplan for barnehagen. 

Mellom samlingsvekene er det nettleksjonar med ulike innleveringsoppgåver, som ofte kan vere knytt til eit opplegg ein har gjennomført i barnehagen. 

Nyttige opplegg

Vidareutdanninga skal mellom anna stimulere til å ta aktiv del i leiken med barna. Det skal også gi nyttig påfyll om kva ein kan gjere i overgangssituasjonar i barnehagen.

– Vi veit at det ikkje alltid er like enkelt for barnehagane å markere ulike religiøse høgtider. Det vil studentane få ei rekke gode verktøy og opplegg med seg til å meistre, lovar Hovde, og ramsar opp historieforteljing, song, kunstaktivitetar og dans som døme. 

Det er lagt opp til at studentane skal dele erfaringar med kollegaene sine i barnehagen og involvere dei i opplegg lært gjennom vidareutdanninga.

Eksamen i Kunst, kultur og kreativitet i barnehagen er eit tverrfagleg prosjekt studenten skal gjennomføre i eigen barnehage og som hen skal levere ein skriftleg refleksjon til.

Hovde håpar barnehagelærarar blir freista av den praktisk retta vidareutdanninga og lovar mykje leik og moro.

Gode tilbakemeldingar

Freista av desse KFK- og KFB-tilboda i Volda er det mange lærarar som har blitt dei siste åra.

Og når ein ser på deltakarundersøkinga, som desse studentane svarar på etter ferdig studium, er det nok ikkje mange som angrar på valet.

– Undersøkinga viser at studentane våre har vore godt tilfreds med vidareutdanningane dei har tatt. Det er vi glade for – det gjer oss trygge på at vi har noko bra å tilby, og som vi heile tida jobbar med å vidareutvikle og forbetre, seier Bakken.

Del på: