Nye vidareutdanningar i digital kompetanse for lærarar

Lærarar i skule og barnehage kan no auke den digitale kompetanse sin gjennom sju svært fleksible og nye vidareutdanningstilbod som alle er på fem studiepoeng. Oppstart av undervisning er 4. mars. 

Vidareutdanningar i digital kompetanse for lærarar ved Høgskulen i Volda

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

Lærarar i skule og barnehage kan no auke den digitale kompetansen sin gjennom sju svært fleksible og nye vidareutdanningstilbod som alle er på fem studiepoeng. Søknadsfristen er 15. februar, så søk no! Oppstart av undervisning er 4. mars. 

Under her ser du alle dei sju utdanningane.  

•    Programmering for barnehage og småskuletrinnet 
•    Innføring i blokkbasert programmering 
•    Innføring i tekstbasert programmering 
•    Programmering med mikrokontrollerar 
•    Digital skulehage og uteskule 
•    Spel i læringsarbeid 
•    Vurdering i digitale kontekstar 

Trur du det kan vere noko for deg? Heng med vidare! 

Alle desse utdanningane tel fem studiepoeng – du vel sjølv om du vil ta ei eller fleire av dei. Det praktiske med alle sju er at det ikke er samlingar eller krav til oppmøte, verken til undervisning eller eksamen. Du studerer når det passar for DEG.

– Det er svært godt tilpassa lærarar som er i arbeid i skule og barnehage. Vi har tidlegare hatt tilbod med 15 studiepoeng, men det kan bli ganske mykje når ein jobbar fullt i tillegg. Desse tilboda med fem studiepoeng gjer bøygen mindre for lærarane, seier Torbjørn Frantsen, som er høgskulelektor ved Høgskulen i Volda og har vore med å utvikle dei nye vidareutdanningstilboda.   

Praktiske utdanningar 

Frantsen og kollegaene ved Institutt for digital kompetanse har tidlegare hatt stor suksess med liknande tilbod, som dei blant anna har skreddarsydd for ulike kommunar. Han er opptatt av at vidareutdanningane skal gi lærarane noko matnyttig, og gjerne praktisk, som dei kan ta med seg tilbake til klasserommet og barnehagen. 

– Det er lagt opp til at studentane skal jobbe ein del praktisk, samstundes som dei får eit teoretisk fundament. Undervisninga skjer gjennom læringsløyper som blir lagt ut på nett, desse kan studentane gå gjennom når dei har anledning. I desse læringsløypene er det oppgåver, det kan vere skriftlege leksjonar, videoar og andre nettressursar.  Det vil vere ein del interaktive oppgåver som er spennande, lovar Frantsen. 

Det er eitt til to arbeidskrav i kvar av utdanningane. Desse vil ta for seg kva studenten har tileigna seg av ferdigheiter og kunnskap om eit tema, og korleis ein kan jobba med det i klasserommet eller barnehagen. Dette kan studentane dokumentere gjennom tekst eller ein enkel video. 

Desse arbeidskrava vil utgjere eksamenen, som skal leverast som ei mappe til vurdering i juni. 

Heilt ny tematikk 

Dei sju nye utdanningane dekker eit ganske breitt område innanfor digital kompetanse i skulen og barnehagen. Tanken er at lærarane kan velje utifrå sine eigne interesser og preferansar. 

Høgskulelektor Torbjørn Frantsen
Høgskulelektor Torbjørn Frantsen underviser i vidareutdanningar knytt til digital kompetanse.

I programmering er det fleire ulike innfallsvinklar, slik at ein kan velje ei utdanning no og ta fleire seinare til dømes. 

– Programmering i skulen har vist seg å ikkje vere noko døgnfluge. Det er eit viktig fagområde, som også er lett å bruke tverrfagleg. Slik vil det også vere i framtida, meiner Frantsen. 

Fagmiljøet ved høgskulen har aldri tilbydd utdanning i verken digital skulehage og uteskule eller spel i læringsarbeid tidlegare. 

– Med utdanninga innan skulehage og uteskule er vi opptekne av at teknologi også kan stimulere til spennande aktivitetar utandørs, særleg sidan det har vore mykje fokus på skjermbruk og ei underliggande oppfatning av teknologien som passifiserande.  

– Vi er også veldig glad for å kunne tilby utdanninga som skal vise korleis ein kan bruke dataspel i læring. Dataspel er til dømes bra på historieforteljing, og gjer det på ein annan måte enn det andre medium gjer. Læring gjennom dataspel er leikbasert og vil passe for mange, seier Frantsen. 

Diskutere med medstudentar og faglærarar 

Sjølv om alle utdanningane er nettbaserte, betyr ikkje det at ein blir sittande heilt aleine som student. I læringsplattforma Canvas og på Teams er det mogleg å halde kontakten med både medstudentar og faglærarar. 

– Her kan ein dele erfaringar og diskutere fag, få innspel frå medstudentar og spørje oss lærarane om kva det skulle vere. Takhøgda er stor og ingen spørsmål er for små. Liknande løysing tidlegare har fungert veldig godt, fortel Frantsen. 

I tillegg kan det også kome frivillige drop in-møter for å stille spørsmål til faglærarane i plenum. 

Del på: